Desse deltek i Kamp Kvinnherad

Av

Bli betre kjent med dei ti «sporty» deltakarane i Kamp Kvinnherad og delta i konkurranse og vinn 1.500 kroner!

DEL

Sjå ny trailer av Kamp Kvinnherad nedst i saka!

Laurdag klokka 19.00 kan ein sjå første episode av Kvinnheringen sin heilt eigne julekalender, Kamp Kvinnherad, her på nettavisa vår.

Ti lokale deltakarar møtest til dyst på Fjelberg. Over totalt 24 episodar får du sjå desse bryna seg i større og mindre øvingar, både individuelt og i lag.

Til slutt blir ein av dei kåra som vinnaren av den aller første Kamp Kvinnherad. Vinnaren står igjen med ein flott premie, heider og ære.

I samband med kalenderen, byr vi på ein konkurrense for sjåarane. Under kan du bli betre kjent med dei som deltek.

Vi spør: Kven trur du er den første deltakaren som ryk ut av Kamp Kvinnherad? Trur du at du har svaret, håpar vi du vil dela det med oss ved å senda namnet på deltakaren til haavard@kvinnheringen.no. Vinnaren får eit gåvekort på 1.500 kroner.

Abonnerer du på Kvinnheringen (på papir eller nett) er kalenderen gratis å sjå. Har du ikkje registrert deg som brukar på internett, kan du gjera det her.

Dette er Kamp Kvinnherad-deltakarane:


    Send tekst og bilde «

    Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

    Artikkeltags