Kan bli rapportert til Datatilsynet etter Facebook-innlegg om hærverk

Ei mor vil rapportera senterleiar Geir Jakobsen til Datatilsynet etter at han la ut eit bilde frå eit overvakingskamera på Facebook. (Arkivfoto).

Ei mor vil rapportera senterleiar Geir Jakobsen til Datatilsynet etter at han la ut eit bilde frå eit overvakingskamera på Facebook. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

NRK Hordaland skriv at ei mor vil rapportera senterleiar Geir Jakobsen til Datatilsynet etter at han måndag la ut eit innlegg på Facebook om ungdom som gjorde hærverk på senteret.

DEL

Måndag skreiv Jakobsen eit innlegg om at det på nytt er ei bølgje med hærverk både inne og utanfor Husnes Storsenter. Saman med innlegget la han også ut eit bilde frå eit overvakingskamera, der nokre ungdommar var sladda. Det fekk ei av mødrene til ein av gutane til å reagera, skriv NRK Hordaland.

– Bildet var så dårleg sladda at dei blei gjenkjent med éin gong. Eg meiner dette må vera eit brot på lova om personvern. Eg skal på ingen måte unnskylda det gutane har gjort. Dei har oppført seg som apekattar, og eg har full forståing for at Jakobsen reagerer. Men dette er ikkje vegen å gå, seier mor til ein 15 år gammal gutt som er med på bildet til NRK.

Ho vil ta saka vidare til Datatilsynet. NRK har snakka med kommunikasjonsrådgivar Anders Ballangrud i Datatilsynet, som uttalar seg på generelt grunnlag.

– Å publisere overvakingsbilde i sosiale medium utan samtykke frå dei som er på bildet, er i utgangspunktet ei krenking av personvernet. Sjølv om anonymisering kan redusera personvernulemper, er det fallgruver å vera obs på. Ein må vurdera grundig om bilda verkeleg er så anonyme som ein trur, sier Ballangrud.

Senterleiar Geir Jakobsen angrar ikkje på at han la ut bildet på Kvardagsprat-sida:

– Absolutt ikkje. Bildet er godt nok sladda, og dette er noko dei har gjort midt i opningstida med fleire av senteret sine kundar i umiddelbar nærleik, seier Jakobsen.

Brot på personvernreglane kan føra til sanksjonar frå Datatilsynet, alt frå åtvaringar til tvangsmulkt.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken