Gå til sidens hovedinnhold

Kan gå tre døgn før kommunen får svar på om det er mutantvirus

Søndag melde Kvinnherad kommune om det første stadfesta covid-19-tilfellet sidan 21. januar. Kommuneoverlegen og ordføraren ber folk om å halda seg mest mogleg heime.

Igjen dreier det seg om importsmitte. Kommuneoverlege Glenn A. Opland stadfestar til Kvinnheringen måndag føremiddag at det er ein utanlandsk arbeidar som er smitta.

Arbeidaren testa positivt på dag sju i karantene.

– Han testa negativt med ein gong han kom hit. Dette viser berre kor viktig det er å testa seg mot slutten av karantenetida òg, seier Opland.

Ein person må i karantene som nærkontakt, opplyser Opland.

Han fortel at Haukeland Sjukehus rutinemessig sjekkar alle koronatestar for mutasjon i desse dagar, og at det tar rundt tre døgn ekstra å få svar på om ein positiv prøve inneheld ein av dei etter kvart mykje omtala mutantane.

– Fryktar de ein mutant i Kvinnherad no?

– Det kan det jo vera. Vi må berre venta og sjå. Mutasjonane ser ut til å bli dei dominerande variantane framover fordi dei spreier seg kjappare. Derfor vil det ikkje vera overraskande om det dukkar opp her òg. Men eg håpar sjølvsagt at dei klarar å halde det i sjakk der det er, seier Opland.

– Tar kommunen si beredskapsgruppe grep når vi no ser kva som skjer i lengre inne i fjorden, i nabokommunane våre?

– Nei, men vi er førebudde på at ting kan skje.

Les også

Framleis éin koronasmitta kvinnhering innlagd

Opland oppmodar alle som har moglegheit til å ha heimekontor. Han fortel at det er svært viktig at folk reiser minst mogleg og held seg heime i tida som kjem.

– Kva med til dømes handverkarar?

– Det er ei risikovurdering ein må ta sjølv. Ein må vera ekstra på vakt, ha god handhygiene og halda avstand. Har du sjanse til å bli verande på eit byggeprosjekt innad i kommunen i staden for, er det det beste den komande tida.

– Det er òg viktig at folk held fram med å testa seg, sjølv med milde symptom. Og særleg om ein har vore andre stadar.

Les også

Marita (34) er tilsett som ny fastlege

Søndag ettermiddag la Kvinnherad-ordførar Hans Inge Myrvold ut ei oppmoding på kommunen sin YouTube-kanal:

– Den muterte utgåva av covid-19 har no eit episenter i kommunane Ulvik, Kvam og Bergen. For delar av Kvinnherad er kommunegrensene til Kvam og Ullensvang tett på. Mange pendlar til arbeid inn i desse kommunane. Regjeringa har delt inn dei tre kommunane i ei sone, og omkringliggande i ei anna sone. Kvinnherad er ikkje del av desse sonene.

– For dei som pendlar på arbeid til ein av kommunane som er del av sone 1 eller 2, jobb heimanfrå om det er mogleg! Ikkje reis unødvendig inn i kommunane, sa Myrvold.

Les også

32 muterte virus påvist i Vestland i helga

Kommentarer til denne saken