Dei fleste av oss har mobilen i nærleiken store delar av tida, og bruker den til å både ta bilde og filma med. Og av og til lagar ein små videosnuttar som burde vore delte med fleire. Kanskje har du filma noko sjeldan eller unikt, til dømes eit vêrfenomen eller eit vilt dyr ein ikkje ser så ofte, eller kanskje du har filma ei hending eller berre noko skikkeleg morosamt eller spektakulært?

Kvinnheringen vil gjerne ha lesarane våre sine videosnuttar, og vi premierer dei beste vi får tilsendt med 3.000 kroner!

Så – har du, eller nokon du kjenner, ein videosnutt som du meiner fleire burde få sjå? Send den til oss, då vel!

Kanskje du allereie har den i det digitale arkivet ditt?

Slik kan du dela videoen din med oss:

  • Du kan senda inn video via tips-knappen vår øvst på sida, eller via lenka HER
  • Du kan senda den på mail til redaksjon@kvinnheringen.no
  • Dersom videoen er av litt storleik kan du bruka DENNE delingstenesta, som er gratis. Del med redaksjon@kvinnheringen.no