Fekk høgste grad i karateklubbens historie

Desse graderte seg: Frå venstre: Hava Karin Eldi (3. Kyu), Heda Eldi (2. Kyu), Ådne Onarheim (2. kyu), Erlend Sund (1. kyu), Mathias Flesland Simonsen (4. kyu), Brage Torvund Krey (4. kyu), Dankert Andre Lee (4. kyu). Framme trenar Rune Hanssen (2. dan). (Foto: André Stormoen).

Av
DEL

Fleire utøvarar i Husnes Karateklubb reiste sist helg til Bergen for å trena og gradere seg saman med rundt 700 karateutøvarar frå heile Noreg. Gasshuku, som det heiter på japansk, er ei samling med fokus på trening og utvikling.

Den store haustsamlinga i karate går på omgang mellom dei største lokale klubbane i Bergen. Arrangementet i år var ekstra stort sidan det norske JKA-forbundet (Japan Karate Association) feira 30-årsjubileum. Nokon av verdas mest framståande instruktørar, dei aller fleste japanarar, leia treningane og var sensorar for graderingane. Dei beste av den norske karate-eliten var og til stades.

Utøvarane i Husnes karateklubb graderte seg frå 4. kyu til 1. kyu. I tillegg graderte Rune Hanssen seg til 2. dan (2. svarte belte). Det er den høgaste graden oppnådd i klubben sidan Husnes Karateklubb starta i 1980. Gratulerer til alle med vel utført gasshuku og gradering!

Styret i Husnes Karateklubb

Artikkeltags