Inkluderande karneval

Dans høyrer med til karneval, og sjølvsagt fekk ungane rista laus til sambamusikk med eigne rytmeinstrument i allrommet. Her ser du ei veldig søt mus: Magnus Kvernenes.

Dans høyrer med til karneval, og sjølvsagt fekk ungane rista laus til sambamusikk med eigne rytmeinstrument i allrommet. Her ser du ei veldig søt mus: Magnus Kvernenes.

I Undarheim barnehage gjorde dei i år ein ny vri på karnevalet: Ungane hadde laga kostymer i barnehagen for å unngå kjøpepress.

DEL

Bakgrunnen for denne vrien er oppvekstrapporten som Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) la fram i mars i fjor, som viste at eitt av ti norske barn veks opp i fattigdom – omlag 100.000 barn totalt. Barnefattigdommen har tredobla seg sidan 2001, og barn som veks opp i fattige familiar blir ofte ekskluderte sosialt. I dag opplever foreldre eit stadig aukande kjøpepress, som barnehagen ønskjer å minska, fortel styrar Berit Dale:

– Sjølv om vi ikkje merkar dette i kvardagen vår, er rapporten ein tankevekkjar som vi tok med oss inn i drøftingane og planlegginga av årets karneval i barnehagen. Det er ikkje greitt at det alltid er dei same barna som fell utanfor «det kommersielle fellesskapet», og det er grunnen til at vi i år har gjort ein vri på festen vår, fortel Dale.

Då Kvinnheringen var innom fredag, fekk vi sjå at kvar avdeling hadde valt seg eit tema med ulike kostyme. På éi avdeling var ungane revar, på ei anna var dei hestar. Vi såg også herlege små kattar, mus, og til og med troll! Kostyma var altså både kjønnsnøytrale og «heimelaga».

– Kvar avdeling har valt eit tema, og så har personalet og barna laga kostyme ilag i barnehagen. Barnehagen skal vera ein stad der alle barna opplever seg inkludert og som ein del av fellesskapet, uavhengig av føresette/foreldra si inntekt og betalingsevne. I tillegg til at vi kler oss likt ut ønskjer vi at dette skal vera med på å skapa utgangspunkt for god leik som ikkje berre handlar om prinsesser og Batman. For oss er det viktig at vi bidrar til at leiken til barna blir innhaldsrik og utfaldande, forklarar Dale.

Undarheim barnehage er den barnehagen med flest minoritetsspråklege barn. Styraren peikar på at barna sitt syn på seg sjølv og deira plass i det sosiale fellesskapet blir danna tidleg i livet:

– Vi som vaksne må vera bevisste og ha fokus på mangfaldet. Vi må leggja til rette for eit inkluderande fellesskap i barnehagen, der alle, både små og store, får ei kjensle av å vera like mykje verdt. Og det er dei tindrande glade auga til dei små barna som gjer at vi som vaksne har tru på at vi gjer ein viktig skilnad for dei!

Artikkeltags