Gå til sidens hovedinnhold

Kenneth held gratiskurs i sjølvforsvar

Artikkelen er over 2 år gammel

Første laurdagen i mai skal Kenneth Hamre gjennomføra eit kurs i sjølvforsvar på TrimX.

Kurset er gratis for dei som melder seg på, men det er avgrensa med plass på kurset. Hamre har lang fartstid innan kampsport og brenn for at folk skal føla seg trygge.

Saman med ein kollega har Hamre utvikla eit kurs som er eigna for at folk skal læra seg sjølvforsvar hurtig.

– Det handlar litt om å tenka i forkant, og det passar godt å ha det no i samanheng med russetida og sommaren som er like rundt hjørnet, seier Hamre.

Kommentarer til denne saken