Laget har trena to gonger i veka i Husneshallen sidan 1. august med vekt på skadeførebyggjande øvingar. Trenarane Marte Lie Børve og Tore Olderkjær har stort sett hatt 15–16 spelarar på treningane, men manglar altså ein spelar som ønskjer å vera målvakt.
– Her er det berre å melda seg, det same gjeld sponsorar, smiler Marte som akkurat denne kvelden trenar gjengen åleine sidan trenarmakkeren måtte melda forfall.
Den erfarne handballspelaren forsikrar at ho denne sesongen skal konsentrera seg om trenaroppgåva og ikkje blir å sjå på banen i seriekampane. Kveldens trening blir dratt i gang med skikkeleg oppvarming av ulikt slag, nettopp for å forhindra skadar.
– Me har fysioterapeut Cecilie Bjørke med i handballstyret, og ho har bidrege med råd og vink til trening som kan førebyggja klassiske handballskadar i anklar og kne, fortel Marte.
Seriestart (6. divisjon) blir på heimebane i Husneshallen 16. september. Den første kampen blir kombinert med ein handballdag der det blir rekrutteringsaktivitetar for 6–7-åringar, ungdomskamp (J12) og altså første serierunde for damelaget som har hatt eitt års pause frå seriespel.
– Sjettedivisjon har denne sesongen tre avdelingar og vi skal spela i den same avdelinga som Odda. Dermed blir det lokaloppgjer – elles er det ein del bergenslag, fortel Marte.
– Kva er ambisjonane for sesongen?
– Det er vanskeleg å setja konkrete mål når me byrjar heilt frå «scratch», slik me gjer no. Men slik me ligg an med utespelarar no, tenkjer eg eit godt mål for oss er å ha ei positiv utvikling gjennom sesongen, og elles byggja eit stabilt og godt lag.