Inviterer til gratis kino tredje juledag

I filmen «Stjernen» møter ein eselet Bo og resten av dei firbeinte venene som sørga for at vi fekk den aller første jula.  (Pressefoto).

I filmen «Stjernen» møter ein eselet Bo og resten av dei firbeinte venene som sørga for at vi fekk den aller første jula. (Pressefoto).

DEL

Lions Kvinnherad, Kulturhuset Husnes og Kvinnherad Frivilligsentral inviterer alle små og store til gratis kino tredje juledag. Då er det Toy Story 4 som står på plakaten, ein av dei mest populære filmane denne hausten. Filmen har aldersgrense seks år, men alle under seks kan vera med i følgje med vaksne. Velkommen til ein kjekk dag på kino, helsar frivilligsentralen.

NEW TOY? – Everyone’s favorite pull-string cowboy sheriff Woody, along with his best friends Buzz Lightyear and Jessie, are happy taking care of their kid, Bonnie, until a new toy called “Forky” arrives in her room. According to Forky, a spork-turned-craft-project, he’s not a toy at all—and he’d rather skip this big adventure completely, if only they’d let him. Tom Hanks, Tim Allen and Joan Cusack return as the voices of Woody, Buzz and Jessie, and comedian Tony Hale lends his voice to Forky. Directed by Josh Cooley (“Riley’s First Date?”) and produced by Jonas Rivera (“Inside Out,” “Up”) and Mark Nielsen (associate producer “Inside Out”), “Toy Story 4” ventures to U.S. theaters on June 21, 2019. ©2018 Disney•Pixar. All Rights Reserved.

NEW TOY? – Everyone’s favorite pull-string cowboy sheriff Woody, along with his best friends Buzz Lightyear and Jessie, are happy taking care of their kid, Bonnie, until a new toy called “Forky” arrives in her room. According to Forky, a spork-turned-craft-project, he’s not a toy at all—and he’d rather skip this big adventure completely, if only they’d let him. Tom Hanks, Tim Allen and Joan Cusack return as the voices of Woody, Buzz and Jessie, and comedian Tony Hale lends his voice to Forky. Directed by Josh Cooley (“Riley’s First Date?”) and produced by Jonas Rivera (“Inside Out,” “Up”) and Mark Nielsen (associate producer “Inside Out”), “Toy Story 4” ventures to U.S. theaters on June 21, 2019. ©2018 Disney•Pixar. All Rights Reserved. Foto:

Også på Utåker blir det gratis kino tredje juledag, tipsar Jan-Ove Fagerheim. På Holmedal bedehus på Utåker har det i mange år vore arrangert jule- og nyttårsfestar for born og vaksne, og dei siste åra har ein slege saman barnefesten og vaksenfesten og invitert til juletrefest for heile familien. Men dette året blir det altså ei litt utradisjonell ramme rundt julefesten, og bygdekino i staden. Indremisjonen ynskjer små og store velkomne til nokre kjekke ettermiddagstimar med film, popcorn, brus og julestemning. Forteljinga om Maria og Josef si vandring til Betlehem er godt kjend mellom born og vaksne. Men kva med alle dyra som hjelpte dei på vegen? I filmen «Stjernen» møter ein eselet Bo og resten av dei firbeinte venene som sørga for at vi fekk den aller første jula. Jula sin bodskap om Frelsaren som vart fødd i Betlehem vert formidla på ein humoristisk og gripande måte gjennom filmen. Også denne filmen har aldersgrense seks år. Bygde-kinoen er gratis, og like etter filmframsyninga kan dei som ynskjer det stoppa igjen og ete kveldsmat saman. Ein betaler litt for å vera med på måltidet.

Artikkeltags