Husnes Kino held sommarope

Lei av finvêr eller regn? Skjer det ingenting? Husnes Kino byr på sommarkino også denne sommaren.

DEL

I fjor var første runde med sommarkino på Husnes. Tidlegare år har kinoen stort sett vore stengt om somrane. Einingsleiar for Kvinnherad Kultursenter, Águst Magnússon, fortel at det – trass rekordsommaren i fjor – etter kvart kom ein del folk på kino.

– Eg trur folk til slutt vart litt leie av alt finvêret i i fjor sommar. Men ofte er det jo ein del regn her i sommarmånadane. Då kan det vera kjekt å ha eit kinotilbod, både for dei som jobbar i ferien, dei som kjem heim på ferie, ungar og ungdom med skuleferie, pensjonistar og for turistar. Alle er velkomne, seier Magnússon.

Han fortel at det stort sett blir filmframsyningar fredag og søndag, men òg nokre onsdagar i samband med norgespremierar.

– Onsdag 3. juli viser vi til dømes den nye Spiderman-filmen «Far from home». Og onsdag 17. juli er det klart for endå ein premiere; den nye versjonen av «Lø-venes konge».

Elles blir det litt grøss og gru og litt av kvart. Kinoprogrammet til Husnes Kino kan du finna på Kulturhuset Husnes sine heimesider, og på Husens Kino sine Facebooksider.

Artikkeltags