Filmmusikk er eit kjent omgrep, men film og musikk som separate element på same framsyninga er ei sjeldan blanding. Siste veka i juli får vi oppleva dette i Kvinnherad. Tveit har gått i kompaniskap med jazzduoen Duplex frå Oslo. Opplegget er først å visa utvalde delar av Tveit sin filmproduksjon, og deretter blir det konsert med jazzduoen. Framsyninga har fått det kjekke namnet «Bygdekino og byjazz» og går av stabelen på Varaldsøy 24. juli, Sunde 25. juli, Fjelberg 26. juli, Åkra 27. juli, Rosendal 28. juli og Herand i Hardanger 29. juli.

– Vi tar svært gjerne fleire stopp på turneen vår, så viss nokon har lyst å invitera oss blir vi glade, helsar Tveit.

Varierte bilde

Tveit plukkar ut smakebitar frå filmane ho har laga. Det som er heilt sikkert er at det vil bli innslag frå Sunde-kalenderen og frå filmen om båtbygging i Bergslagen. Ho vil òg visa noko av ein heilt ny film ho har laga om Olaf Bjørnebøle (1851–1874). Han var frå garden Bjørnebøle ved Fjellhaugen, men flytta til Bergen for å studera som ung vaksen. Filmskaparen seier sjølv at Olaf, som berre vart 23 år, var ein spennande person å laga film om. Filmen handlar også om filmskaparen sjølv, som i motsetning til Olaf Bjørnebøle har flytta heim igjen.

– Felles for Olaf og meg er kjærleiken til heimstaden vår, røper Tveit frå handlinga.

Nyleg laga ho ein film om båtbyggjartradisjonen i Herand generelt, og om den siste båtbyggjaren der spesielt. Denne vil òg bli vist frå på turneen.

Saksofon og kontrabass

Musikarane er heilprofesjonelle. Kvar for seg speler dei i ulike samanhengar, og saman blir dei til Duplex. Christian Meaas Svendsen tar seg ut på kontrabass til saksofonspel frå Harald Lassen, medan begge trør til på vokal. To album er det blitt til no.

– Vi er jazzmusikarar, men er like mykje inspirerte av folkemusikk og songtradisjon, forklarer Svendsen til Kvinnheringen.

Tveit seier dette om korleis samarbeidet oppstod:

– Sjølv har eg lenge hatt lyst til å reisa rundt med filmane mine, men fann ikkje rette høvet før eg møtte Duplex som gjerne ville vestover. Dermed slo vi oss saman og laga noko heilt nytt. Vi gler oss veldig alle tre og trur det kjem til å bli kjempekjekt, lokkar Merethe Offerdal Tveit.