Gå til sidens hovedinnhold

Kjekk kveld for skyttarelevar og føresette

Tysdag var det avslutning for Kvinnherad skyttarlag sin skyteskule for unge. Ein gong i veka i fem veker har 12 unge fått innføring i miniatyrskyting på innandørsbanen på Seimsfoss. På avslutninga vanka det t-skjorter, diplomar og nåler frå Det frivillige skyttervesen, og til slutt var det pizza. Men det stod sjølvsagt også skyting på programmet, der også føresette var inviterte til å prøva seg.

Du har nå sett Kjekk kveld for skyttarelevar og føresette