Stølsdag på Kjeldestøl. Skistøvelkasting
Torkjell Nerhus

Opplev setersjarm på Kjeldestøl

Ein knapp times vandring frå Bjørke i Rosendal, finn du idylliske Kjeldestøl.
Publisert

Seks onsdagar i løpet av sommaren vil du òg finna vertskap på stølen nokre timar midt på dagen. Kjeldestøl består av seks sjarmerande sel – fem av dei gjenoppbygde – som dannar ei koseleg klynge i svært vakre omgivnader.

Kjeldestøl er blitt ein ny attraksjon blant dei mange fine turane ein kan velja mellom i Kvinnherad. Dei seks onsdagane det er vertskap på stølen nokre timar midt på dagen er 27. juni, 4. juli, 11. juli, 18. juli, 25. juli og 1. august. Er du der til rett tid kan du kjøpa dei vidgjetne mjølkekakene budeiene har laga, kaffi og saft.

F.v. Kirsten Skaala, Ingeleiv Klette, Kristlaug Bjørke og Anne Lise Nygård byr på mjølkekaker, kaffi og saft inne i Jensaselet.

F.v. Kirsten Skaala, Ingeleiv Klette, Kristlaug Bjørke og Anne Lise Nygård byr på mjølkekaker, kaffi og saft inne i Jensaselet.

Den enklaste vegen til seters startar på Bjørke, like ovanfor Kvinnherad kyrkje. Først på skogsveg ein halvtimes tid, deretter eit kvarter på sti gjennom skog, før Kjeldestøl openberrar seg. Det gjer òg det nydelege arbeidet som Kjeldestøl venelag står bak i form av dei gjenoppbygde sela: Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet og Peraselet, medan Siriselet har vore intakt heile tida og berre blitt noko vedlikehalde. I løpet av året er det sjuande og siste selet på plass; Torkjellsselet. Det skal flygast opp med helikopter, og i samband med det nye tilskotet blir det truleg ein stølsdag utpå seinsommaren/hausten.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Slik ser det ut inni Kristiansselet.

Slik ser det ut inni Kristiansselet.

Artikkeltags