Gjentek den formidable suksessen

Rekordmange tok turen til langfredagsarrangementet på Kjeldestøl i 2017. (Arkivfoto).

Rekordmange tok turen til langfredagsarrangementet på Kjeldestøl i 2017. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kjeldestøl venelag gjentek den formidable suksessen frå i fjor, og inviterer til open støl fredag 30. mars.

DEL

I fjor var det fyrste gong det vart arrangert open støl på langfredag. I det praktfulle påskevêret var det enormt med folk som tok turen, truleg godt over 300. Det vart såleis ein dag for minnebøkene. No vonar arrangøren på ein ny suksess.

– Budeiene er sjølvsagt til stades uansett vêr, og vil syta for lunk i omnane og ynska alle gjester og turgåarar velkomne. Dei sel også sine vidgjetne mjelkekaker, samt kaffi og saft med meir. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Eitt sel igjen

Førebels har venelaget restaurert fem sel; Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet og Peraselet, medan Siriselet har vore intakt heile tida og berre blitt noko vedlikehalde. Arbeidet med det siste selet, Torkjellsselet, er godt i gang. Det skal opnast no i sommar. I tillegg er det sett opp både utedass og ei sjykkje. Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Sjå bildeserie frå arrangementet i fjor:

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags