Langfredag på Kjeldestøl

Det var folksamt under open støl på Langfredag i fjor. I år er snøen vekke, men det blir truleg minst like idyllisk ved det små sela. (Arkivfoto).

Det var folksamt under open støl på Langfredag i fjor. I år er snøen vekke, men det blir truleg minst like idyllisk ved det små sela. (Arkivfoto).

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei to førre åra, og inviterer til open støl på fredag.

DEL

2017 var det fyrste året det vart arrangert open støl på langfredag. I det praktfulle påskevêret var det enormt med folk som tok turen, truleg godt over 300. Det vart såleis ein dag for minnebøkene. Suksessen vart gjenteken i fjor, med kring 220 personar som vitja ein stølsvoll dekka av snø. I år er snøen borte og vêrmeldingane særdeles gode.

– Budeiene er sjølvsagt til stades også denne gongen, og vil syta for lunk i omnane og ynska alle gjester og turgåarar velkomne. Dei sel også sine vidgjetne mjelkekaker, rømmegraut, kaffi og saft med meir. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Snart fullført

Restaureringsarbeidet på Kjeldestøl er no så å seia ferdig. Venelaget har restaurert seks sel; Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet, Peraselet og Torkjellsselet. Sistnemnde manglar rett nok interiøret enn så lenge. Siriselet har vore intakt heile tida og berre blitt noko vedlikehalde. I tillegg er det sett opp både utedo og ei sjykkje. Venelaget har elles rydda fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

For å komma deg til Kjeldestøl følgjer du vegen oppover forbi Kvinnherad kyrkje i Rosendal. Du kan parkera 100 meter etter at asfalten sluttar, og så gå inn på grusvegen i rundt 40 minuttar, før du tar av til venstre på sti merka «Kjeldestøl». Etter rundt 15 minuttar på stien er du framme.

Send tekst og bilde «

Bidra til Ditt Kvinnherad! Vi oppmodar deg til å fortelja om arrangement du skal på eller har vore på. Legg gjerne igjen foto

Artikkeltags