Travel sommar for budeiene på Kjeldestøl

PÅSKESAMLING: Bildet er frå stølsdagen langfredag i år. (Foto: Kjeldestøl venelag).

PÅSKESAMLING: Bildet er frå stølsdagen langfredag i år. (Foto: Kjeldestøl venelag).

Dei opne stølsdagane på Kjeldestøl er så populære at i år er tilbodet utvida til sju onsdagar i sommar.

DEL

Kjeldestøl venelag gjentek suksessen frå dei fire føregåande somrane. Budeiene vert difor til stades på stølen følgjande onsdagar: 26. juni, 3. – 10. – 17. – 24. og 31. juli, samt 7. august. Nokre timar midt på dagen vil dei syta for lunk i omnane og ønskja alle gjester og turgåarar velkomne.

– Dette er eit tilbod til alle, anten dei er fastbuande i Kvinnherad eller kjem til kommunen med bil, bubil, buss, sykkel eller båt. Vonleg vil mange nytta høvet til å sjå vakre Kjeldestøl, og gjerne smaka nykokt kaffi og våre vidgjetne mjølkekaker, seier Kjeldestøl venelag i ei pressemelding.

Kjeldestøl er no komplett med sine sju sel. Siriselet har stått der heile tida, medan venelaget har bygd opp att Bjørkesselet, Jensaselet, Monsaselet, Kristiansselet, Peraselet og Torkjellsselet. I tillegg er det sett opp både utedass, ei skykkje og ei halvtekkje, og i fjor kom også det store langbordet på plass. Venelaget har elles rydja fleire gamle stiar i området, ikkje minst den flotte Hauavegen som går frå Kjeldestøl til Nysetre og Hovda.

– Sela står opne, og alle er velkomne til å stikka innom for å få ei oppleving av korleis livet var på Kjeldestøl fram til 1951, som var siste sommar med stølsdrift, opplyser Kjeldestøl venelag.

Frå bommen på Bjørke, ovanfor kyrkja i Rosendal, er det om lag ein times gange til Kjeldestøl.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags