Søstrene Kim, Kourtney og Khloe lanserte klesmerket Kardashian Kids i mars i fjor. Sidan den tid er det blitt svært populært å kle opp sine håpefulle små i trendy designklede frå det verdskjende merket. Instagram er ein av stadane søstrene profilerer seg, og for nokre veker sidan publiserte dei eit bilde på sida si, som har éin million følgjarar, av barnerommet til Wilma (2,5) år. Under emneknaggen inspiration synte dei fram det flotte bildet som mamma Diana Ousdal hadde teke og delt på sin instagramkonto, der ho sjølv har rundt 35.000 følgjarar.

Dei berømte søstrene gløymte elles å skriva at bildet var Diana sitt, noko mange i kommentarfelta reagerte på. For å unnskulda seg tok dei då kontakt med Diana og bad om å få senda eit utval klede frå kolleksjonen sin til Wilma som trøyst. Og jada, rundt ei veke etterpå kunne Wilma opna ein pakke med fire fancy antrekk frå Kardashian Kids.

- Utruleg stas, Wilma blei superfin i kleda. Og ho er veldig stolt sjølv, kaller dei for kleda frå «dashians», ler mamma Diana Ousdal.

Ikkje var vel dei berømte søstrene i Hollywood særleg lei seg for at den populære Instagram-brukaren Diana Ousdal publiserte fine bilde av Wilma i dei flotte kleda. Kardashian Kids delte nemleg snart eit bilde av den unge modellen «All the way from Norway» på instagramkontoen deira, noko som kort tid etterpå hadde generert eit femsifra tal med «likes» og mange kommentarar.