Onsdag ettermiddag klokka 15.45 fekk politiet melding om ein båt som var på rek utanfor Sydnes ferjekai.

– Det kan tyda på at båten har kome rekande frå sør, frå Bjoa eller ein stad i nærleiken. Vi jobbar no opp mot identitet, seier politistasjonssjef Sigurd Børve.

Båten er teken hand om og ligg til kai ved Gjerde hyttelag på Borgundøy.

– Er det nokon som har kunnskap til denne båten, så må dei ta kontakt med oss, seier Børve.