Klar med ny offensiv: – Måtte setja grensa i Neslia

KLAR TIL AVGANG: Dagleg leiar Siv-Anita Brovold (t.v.) hjelpte den nye sjåføren Anne Jofrid Hvidevold (i midten) med å lasta bilen som torsdag hadde sin første tur med middagar til nye kundar i Rosendals-området. Til høgre Wilhelm Johan Irgens, som har vore frivillig sjåfør for Dill sidan oppstarten for elleve år sidan.

KLAR TIL AVGANG: Dagleg leiar Siv-Anita Brovold (t.v.) hjelpte den nye sjåføren Anne Jofrid Hvidevold (i midten) med å lasta bilen som torsdag hadde sin første tur med middagar til nye kundar i Rosendals-området. Til høgre Wilhelm Johan Irgens, som har vore frivillig sjåfør for Dill sidan oppstarten for elleve år sidan.

Dill AS på Halsnøy hadde torsdag første dag med utkøyring av middagar til Rosendals-området.

DEL

For ei tid sidan kunngjorde Dill at dei ville tilby middagsutlevering også frå Herøysundet og innover, etter at dei for nokre år sidan begynte med middagslevering i Husnes-området.

Sidan oppstarten for elleve års tid sidan har Dill levert middagar til hovudsakleg eldre på Halsnøy. No legg dei altså store delar av fastlands-Kvinnherad under seg.

Nye sjåførar

Sidan cateringselskapet på Halsnøy gjekk ut med at dei ville levera middagar også til Rosendalsområdet, er det kome tre nye sjåførar til. Som kjent føregår utkøyringa på frivillig basis ved hjelp av ein god gjeng pensjonistar.

Dei tre nye frivillige er Anne Jofrid Hvidevold, Kari Randi Bremerthun og Linda-Mari Kronstad. Sistnemde er derimot ikkje pensjonist – Kronstad har nemleg tre barn i skulealder.

– Ho melde seg fordi ho meiner frivilligheit er viktig, så det synest vi er veldig kjekt, seier dagleg leiar Siv-Anita Brovold i Dill AS.

Torsdag inviterte Dill lokalpressa til å oververa startskotet for den utvida satsinga, og denne dagen var det Anne Jofrid Hvidevold frå Husnes som skulle setta seg bak rattet og bringa komle og andre godsaker til folk frå Herøysund til Rosendal.

– Eg er blitt pensjonist no, så eg ville ha noko å fylla dagane med, smiler Anne Jofrid, som gledde seg til første dag i ny «jobb».

– Eg får håpa eg finn fram, ler ho.

Utanfor Dill sine lokale på Halsnøytunet trefte vi også Wilhelm Johan Irgens, som har vore med som frivillig sjåfør heilt sidan oppstarten.

– Men eg er komen såpass opp i åra no at eg har eigentleg sagt opp, seier han, og fortel at han no er blitt 77 år.

– Du er då ikkje eldre enn Joe Biden?

– Eg skulle klart å vera president, då hadde eg hatt mange til å hjelpa meg, seier han.

Leverer inn til Neslia

KOMLETORSDAG: Lise Karlsen hos Dill AS var i full sving med komlegrytene då Kvinnheringen var innom. Her er komler klar for utkøyring til nye kundar i Rosendals-området.

KOMLETORSDAG: Lise Karlsen hos Dill AS var i full sving med komlegrytene då Kvinnheringen var innom. Her er komler klar for utkøyring til nye kundar i Rosendals-området.

Dill har så langt fått 11 faste kundar i indre luten.

– Kor stort område leverer Dill til no?

– Vi har fått førespurnadar heilt inn til Ænes, men førebels har vi måtta setta grensa ved Neslia, forklarer Brovold, og legg til:

– Så vi ønsker oss gjerne endå fleire som vil vera med å køyra.

Brovold opplyser at Dill dette året vil satsa særleg på julemat.

– Kan henda mange blir åleine dette året, seier Brovold, og har koronaviruset i tankane.

Når vi først snakkar om korona, kan vi legga til at pandemien sjølvsagt merkast i kvardagen til sjåførane hos Dill.

– Det er sprit, hanskar og munnbind, og vi kan heller ikkje gå inn i husa til folk akkurat no. Vanlegvis plar vi å hjelpa litt til hos dei som treng det, seier Siv-Anita Brovold.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken