Det er mange gode grunnar for å bruka nokre tusenlappar på vegghengt, fastmontert elbil-ladar, ikkje minst av brannvernsomsyn.

Avdelingsleiar for førebyggjande brannvern i Kvinnherad brann og redning, Øyvind Ousdal, er ikkje i tvil om si tilråding:

– Har du elbil bør du også skaffa deg fastmontert elbil-ladar på eigen kurs heime. Det er den klare meldinga frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), legg han til.

Også Elbilforeningen seier det same, og det seier seg i grunnen sjølv: Mykje straum over lang tid og hyppig bruk krev skikkelege kablar og kontaktar, og ein ladeboks montert av fagfolk. Dette gir enklare og raskare lading og betre branntryggleik. Dessutan er det mindre sjanse for at du gløymer naudladaren heime, sidan den stort sett kan liggja på fast plass i bilen.

– Med skikkeleg, fastmontert ladar får du ei raskare og mykje tryggare løysing, seier Ousdal.

Han legg til at det er lurt å sjekka alle støpsel og stikkontaktar som trekkjer mykje straum. Eventuell varmgang og svilukt må alltid undersøkjast nærare.

– Blir det varmgang er det ein brannfare. Dei som berre brukar naudladaren, bør ikkje lada om natta, påpeikar Ousdal.

Ved å skaffa seg ein fastmontert heimeladar montert av fagfolk, vil ein dessutan kunna få gode råd av elektrikaren med tanke på plassering og kva som vil passa saman med det elektriske anlegget.

– Så det er nok lurt å få råd frå elektrikaren først, før ein bestemmer seg for kva fastmontert løysing ein skal satsa på, seier Ousdal.

Ladaren som følgjer med elbilen, ofte kalla naudladaren, har vanleg, jorda støpsel som ein brukar i jorda stikkontakt. Men slike kontaktpunkt er ikkje nødvendigvis eigna, og det kan oppstå varmgang i støpsel/stikkontakt om ein brukar ein stikkontakt som ikkje tilfredsstiller krava. Naudladaren skal ifølgje DSB berre brukast på eigen kurs (unnatak for frittliggjande garasje) med maks 10A sikring. Kursen må vera beskytta av eigen jordfeilbrytar (type B som ikkje blir forstyrra av støy frå ladesystemet). Og så må ein hugsa å hengja ladeboksen i ei korg eller ein krok, så ikkje vekta øydelegg leidning/kontakt.

– Og hugs: Det er ikkje lov å bruka skøyteleidning i samband med naudladaren, understrekar Ousdal.

Dei gongene du likevel må bruka naudladaren, i samband med reiser og slikt, skal du ifølgje DSB sjekka med eigar av anlegget at dette er ok, og du bør også sjekka om det oppstår varmgang i leidning og kontaktpunkt. Dette seier i grunnen det meste om kvifor ein bør skaffa seg fastmontert elbilladar.

Både DSB, elsikkerhetsportalen.no og Elbilforeningen har gode oversikter over kva som må til for trygg heimelading, og alle rår til fastmontert elbilladar. Der kan du lesa meir, før du kontaktar eit lokalt elektrikarfirma som kan hjelpa deg med kva som vil vera ei god ladeløysing for deg.