Klarer du å spå 2020?
Foto: Mona Grønningen
Den som får flest rette svar i spåkonkurransen om 2020 blir premiert med 12 Flax-lodd om eit års tid. Grip sjansen!
1. Held den politiske koalisjonen av Sp, Ap og SF saman?
2. Vert det bygge-/anleggsstart på trinn to av Aksen (gamle-Aksen)?
3. Startar byggearbeidet på Kvinnherad Arena opp? (Den nye fleirbrukshallen på Husnes).
4. Held Sissel Kyrkjebø konsert i Rosendal?
5. Vil alle omnane i Hydro Husnes sin B-hall bli starta opp?
6. Vil medlemane i Fjelberg Kraftlag få utbetalt heile eller delar av verdiane i selskapet?
7. Blir det sommarrevy på Husnes?
8. Rykker Trio sitt a-lag i fotball opp igjen til 4. divisjon?
9. Klarer Halsnøy sitt a-lag å sikra seg ein plass i 5. divisjon?
10. Vert det sett i verk trafikksikringstiltak på Kaldestadvegen?
11. Kva med Herøysund, vil arbeidet med gang-/sykkelveg bli begynt på?
12. Vedtar politikarane å byggja produksjonskjøken på institusjonane?
13. Blir det gjort vedtak om skulesamanslåingar?
14. Blir ein ny kvinnhering tildelt Kongens Fortenestemedalje?
15. Løyver Trond Mohn ytterlegare midlar til idrettsanlegg i Rosendal?
16. Blir ny Fureberg bru opna i løpet av året?
17. Får Ole Gunnar Solskjær sparken som Manchester United-manager?
18. Får Festidalen publikumsrekord?
19. Blir det nedlegging, eventuelt vedtak om nedlegging, av brannstasjonar?
20. Har Opsangervatnet skeiseis på julaftan?
Send svara dine på e-post til:
trude@kvinnheringen.no
eller som brev til:
Kvinnheringen
Lonavegen 59
5460 Husnes
Svarfristen er sett til fredag 10. januar 2020.
Kommentarer til denne saken