«Kloden vår er i alvorleg trøbbel!»

Av
DEL

MEININGARDei menneskeskapte klimaendringane blir diverre meir og meir synlege. Vi ser det ikkje berre i form av ras, hetebølgjer, og stadig meir intens nedbør. Nei, den grønlandske innlandsisen og isbreane i Antarktis smeltar også rekordraskt. Sistnemnte fordi havet blir stadig varmare, og dette gjer at breane smeltar frå undersida. Klimaforskarar har varskua mot dette lenge, og med unntak av Donald Trump, forstår no dei aller fleste at noko må gjerast.

I sist veke kom den triste meldinga om at den flotte isbreen Okjökull på Island måtte gi tapt for klimaendringane. Breen kjempa tappert heilt fram til det siste, men mot global oppvarming var det ingen medisin som virka. Den kvite kappa på toppen av det vulkanske fjellet Ok har smelta bort, og for første gong har ein namngjeven isbre på Island blitt permanent borte.

I tillegg til det eg har nemnt ovanfor, står for tida store delar av regnskogen i Amazonas i brann. Konsekvensane kan bli dramatiske, for skogen vi snakkar om er svært viktig for produksjonen av oksygen på jorda.

Sett i lys av alvoret som skjer rundt om i verda, er det eit stort apropos at vår eiga regjering har brukt heile sommaren på å diskutera bompengar. Det er ikkje rart at ungdommen vår streikar for ein ny kurs i klimapolitikken, samtidig som fleire og fleire gir si støtte til Miljøpartiet Dei Grøne.

Kloden vår er i alvorleg trøbbel, og det kviler eit stort ansvar på statsleiarar og andre om å ta grep før klimaendringane blir irreversible. Vi har nemleg berre éin klode, og den tar vi for tida svært dårleg vare på.

Har så dette noko å gjera i ein lokal valkamp? Ja, sjølvsagt. Klimaendringane vil ha konsekvensar for oss alle, og dei vil medføra at norske kommunar i åra framover må bruka mykje meir ressursar på handtering av dagens og morgondagens vêr og klima. Di lenger vi ventar med tilpassingane, di meir vil det kosta.

Klimaendringane krev handling no - Stem Grønt ved valet i september.

Knut Førland

Listekandidat
Miljøpartiet Dei Grøne Kvinnherad

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags