Den «klimablinde» regjeringa

Av
DEL

MEININGARFredag 22. mars passerte eg Stortinget i Oslo. Eg måtte snu meg på slalåmvis mellom 15.000 skuleelevar som hadde skofta skulen for å delta på klimaprotest. 

Hundrevis av kreative plakatar synte på ulike vis kva elevane meinte om korleis regjeringa sin klimapolitikk fører mot ei usikker framtid.

Og kor var «klimaminister» Ola Elvestuen? Kor var Venstremannen som er regjeringa sitt gissel i klimapolitikken? Og kor var Erna? Kor var sjefen for ei regjering som styrer klimaet i grøfta? Kor var ansvarlege politikarar som kunne gje elevane von om ei framtid? Reagerer ikkje regjeringa på at titusenvis av barn og ungdom rundt om i landet har angst for framtida si? Vi må få fjerna Erna?

Vidar Haugland

Artikkeltags