Du har nå sett Knall innsats frå fotball-ungdommane våre: Sjå bildedryss frå Norway Cup
Knall innsats frå fotball-ungdommane våre: Sjå bildedryss frå Norway Cup
Norway Cup på Ekebergsletta i Oslo er årets fotball-høgdepunktet for mange unge, og i år deltok til saman åtte lag frå Kvinnherad i turneringa; fire lag frå Rosendal Turnlag, tre frå IL Trio og eitt frå Halsnøy IL. Nokre av dei var uheldige og tapte mange av kampane sine, medan andre kunne jubla etter fleire sigrar. Uansett er vi sjølvsagt stolte over innsatsen og at så mange flinke fotball-ungdommar har representert kommunen vår i hovudstaden. Her kjem eit bildedryss frå Norway Cup 2023 – tusen takk til alle som har sendt oss bilde! Dessverre har vi ikkje fått bilde av alle laga, så om du har bilde blir vi glad om du sender til oss på [email protected].