Ny fiskerihamn har vore etterlengta, og no er altså entreprenøren i full sving. Det skal lagast ny sjark-kai i tre, og ytst på piren kjem det ein ny, vinkla betongkai. Eit pelefirma skal setja ned pålar i sjøbotnen, tjukke stålrøyr som skal fyllast med armering og betong, og så skal heile kaiområdet plastrast og stellast. Det kjem også ganske mange kvadratmeter med asfalt i fiskerihamna. Kontraktsummen er på 18.351.286,25 kroner, og Byggservice starta arbeidet førre veke. Dagleg leiar Fred Nilsen seier dei reknar med å vera ferdige med jobben i løpet av august, og at fiskerihamna blir overlevert då.

– Vi har nyleg bygd tre betongkaiar for Austevoll kommune, ved nye Salthella fiskerihamn, og har prøvd å spesialisera oss på dette feltet. Arbeidet i Kobbebukta er ein betydeleg jobb for oss, fortel han.

Les også:

Testkøyring med vassdamp (+)