P-kaoset på Sunde førte til forseinkingar

Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Tysdag ettermiddag måtte to Skyss-bussar rygga heilt tilbake til industriområdet på Opsanger for å klara å snu.

Fleire bilar stod ulovleg parkerte i vegområdet bussane må ha fri tilgang til for å klara å ta svingen ved kaien. Eit inngjerda anleggsområde gjer at det ikkje skal så mykje feilparkering til, før bussane ikkje kjem seg vidare.

– Dette førte til at Skyss vart forseinka rundt 20 minutt, noko som igjen fekk konsekvensar for ferja på Årsnes og Rødne sin snøggbåt i Rsendal, opplyser politibetjent Are Uppheim.

At kapasiteten er for dårleg er heilt tydeleg. Uppheim talde opp ledige plassar kontra ulovleg parkerte bilar, og kom til at det var fem bilar til overs.

– No veit ikkje eg om det var fleire ledige plassar då feilparkeringane vart gjort, men det er ingen tvil om at det er for liten parkeringskapasitet einskilde dagar, seier Uppheim.

Han oppmodar reisande til å vera tidleg ute, og sjølvsagt til å parkera lovleg.

– Ein må bruka hovudet. Det kan vera fortvilande å ikkje finna plass, men det er jo ikkje rett å utsetja andre reisande for forseinkingar og problem, påpeikar Uppheim.

Politiet kan ikkje ordna med fleire p-plassar, men vil sjå på skiltinga.

– Det kan kanskje gjerast tydelegare kor ein absolutt ikkje skal parkera, seier Uppheim.

Skulle situasjonen forverra seg, er bøter og vekktauing riset bak spegelen.

– I ytste konsekvens kan det bli slik, seier Uppheim.


Ferdig i november

Kvinnheringen skreiv om anleggsarbeidet og p-kaoset i byrjinga av september. Ei minirundkøyring og tryggare tilhøve for mjuke trafikantar skal bli resultatet av arbeidet som no føregår. I denne runden var det ikkje pengar til fleire parkeringsplassar.

Ting tar tid, og byggjeleiar i Statens vegvesen, Ove Mansåker, uttala at arbeidet skal vera ferdig i november ein gong.

– Er det mogeleg å framskynda dette?

– Alt er jo mogeleg, men underleverandøren har ein kontrakt å forholda seg til. Det er beklageleg at situasjonen er forverra under anleggsarbeidet. Vi vurderer å få merka opp nokre mellombelse parkeringsplassar. Dette er vi i ferd med å sjå nærare på vi har hatt kontakt med kommunen. Eg skal sjekka status for dette, seier Mansåker.



Artikkeltags