Gå til sidens hovedinnhold

– Kom gjerne i eigen båt!

Artikkelen er over 1 år gammel

Søndag vert den årlege båtbyggjedagen arrangert på skipsbyggjeplassen på Nerhus i Ølve.

Temaet er nordlandsfarten og transporten av tørrfisk frå Nordland til Bergen på seglskuter. Etnolog Randi Storaas skal halda føredrag om dette og visa bildespelet ho har laga om nordlandsfarten.

– Bildespelet fortel på ein fin måte denne historia. Ein av dei siste som var med på denne trafikken er Torstein Storaas, og han er sjølv forteljaren, fortel Eva Røyrane i Kulturnemnda til Ølve bygdelag, som arrangerer.

Kan byggja sjølve

Utstillingane i Haktorverftet og Tollevsverftet er opne, og viser verktøy, båtmodellar og bilde frå den gongen ein bygde båtar på Øyra. Ungane får også i år høvet til å prøva seg som båtbyggjarar, og dei kan segla dei nybygde båtane i bassenget.

– Mange av båtane som vart bygde på verfta i området her vart bygde for nettopp nordlandsfarten. Til dømes er stasjakta «Mathilde» bygd på Nerhus i Ølve. Med ein slik dag kan vi minna kvarandre på den historia som føregjekk på beddingane våre, fortel Røyrane.

Tre generasjonar

I fjor var det meir enn 150 menneske som deltok på båtbyggjedagen, og Røyrane håpar på godt oppmøte søndag også.

– Dette er ein dag for fleire generasjonar, og vi håpar at folk tek søndagsmiddagen på Øyra, seier Røyrane.

Kaféen byr mellom anna på lapskaus, vaflar, pølser, saft og kaffi. Gamle båtar kjem seglande, og det blir trekkspeltonar på kaien.

– Folk kan gjerne koma i eigen båt til Øyra! Vi har kaiplass, oppmodar Røyrane.

Røyrane håpar båtbyggjedagen blir ein tradisjon og ikkje minst at ungane krev å få gå på denne.

– Omtrent kvar gong vi arrangerer er det fint vêr. Det satsar vi på i år også, håpar Røyrane.

Båtbyggjedagen blir skipa til i samarbeid med Kystkultur.no og med støtte frå Kvinnherad kommune. Utstillinga om baksteheller og gruvedrift er også open i i Banken ved Dalsjøen denne søndagen.

Les også

Ærverdig Ølve-skute til sals

Les også

Knut Johan Nerhus: Mannen og mytane

Kommentarer til denne saken