Kommunedirektøren tar grep: Ber tilsette unngå handhelsing, fysisk kontakt, kurs, møter og reising, og opnar for heimekontor

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik tek strame grep i organisasjonen for å prøva å avgrensa korona-spreiing.

Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik tek strame grep i organisasjonen for å prøva å avgrensa korona-spreiing. Foto:

Kommunedirektøren sende onsdag ut ei liste med tiltak for å avgrensa smitte i kommuneorganisasjonen.

DEL

Ho viste til at smitteavgrensande tiltak – i tillegg til god handhygiene og rett hostepraksis – er å unngå tett og hyppig kontakt mellom menneske og å unngå store folkemengder. Følgjande retningslinjer har kommunedirektøren derfor gitt for tilsette i Kvinnherad kommune:

– Unngå handhelsing og fysisk kontakt. Dette er det mange som no har fokus på og det vil være forståing for dette i organisasjonen

– Alle tilsette bør ha ein god handvask eller nytta Antibac med ein gong ein kjem på jobb og før ein går heim frå jobb

– Unngå unødvendig møter/aktivitet på tvers av einingar. Bruk av Skype/Teams der dette kan nyttast

– Unngå reising på kurs og konferansar

– Dersom nokon skal reisa på tenestereise skal det drøftast med sektorleiar/seksjonsleiar

– Heimekontor. Einingsleiar/seksjonsleiar vurderer heimekontor saman med den einskilde tilsette som kan nytta det

– Alle møter med fleire enn 15 deltakarar skal som hovudregel avlysast/ utsetjast dersom møtet ikkje er påkrevd

– Ordensmannen for kvar avdeling skal syta for at dørhandtak, gelender og så bortover vert vaska med klor (eventuelt «sprita» med Antibac) minst to gonger kvar dag

Kommunedirektøren legg til at beredskapsgruppa i kommunen har hatt daglege møter sidan det første tilfellet vart identifisert i Norge, og at møteverksemda no har teke seg opp.

– Beredskapsplanar vert oppdaterte, og ulike rutinar vert vurdert for å kunna møta eventuelle utfordringar som kan koma, skriv ho.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags