Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen har 150 ledige vaksinedosar i Rosendal – oppmodar folk om å bestilla seg time

I dag, torsdag 29. juli, har Kvinnherad kommune rundt 150 vaksinedosar tilgjengeleg. Dei som ikkje har fått første vaksinedose endå, blir prioriterte.

På Facebook-sida si skriv kommunen at det i Rosendal er mange dosar tilgjengeleg som ikkje er bestilte endå. Då Kvinnheringen sjekka torsdag morgon var det rundt 150 dosar.

Kommunen oppmodar derfor alle over 18 år som ikkje har fått sin første vaksinedose om å registrera seg og bestilla time på https://timebestilling.remin.no/kvinnherad.

Dei som har fått time til andre vaksinedose kan no møta opp i Rosendal for «drop-in»-time og få timen sin framskunda, men merk at det må ha gått 3 veker sidan du fekk første dose, skriv kommunen.

På Husnes er alle vaksinedosane bestilt denne dagen.

Kommentarer til denne saken