– Vi har dessverre om lag 30-40 vaksinedosar for lite i dag, torsdag 1. juli, enn det vi hadde berekna. Vi må difor flytta alle dei som har vaksinetime i kveld, til torsdag 22. juli. Dei det gjeld vil bli ringt opp, opplyser kommunen.

Kommunen meldte tidlegare denne veka at det no er opna for timebestilling for dei i aldersgruppa 18-25 år og 40-44 år, og minnar om at alle som no vil ha korona-vaksine må registrera seg via timebestilling.remin.no og fylla ut eigenerklæring.

Dei som har registrert seg i Remin vil få sms med lenkje der dei kan bestilla seg time når det er ledige timar.