Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen har laga eit meldesystem på heimesida si som kan brukast ved klare koronaforskriftsbrot

Ved observering av brot på den mellombelse lokale koronaforskrifta kan folk tipsa kommunen via eit meldesystem.

Kommunen har som kjent innført lokale forskrifter for å unngå spreiing av koronaviruset.

I desse er det mellom anna påbod om heimekontor og skjenkestopp, samt påbod om stenging av diverse fritidsareaner.

Vi spør kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik om korleis desse forskriftene vert følgde opp.

– Kommunen har ein tilsynsfunksjon. Vi skal ikkje vera politi, men dersom vi får meldingar om at det er klare brot på forskriftene, så følgjer vi opp. Det er laga eit meldesystem på nettsidene våre som eg trur skal vera oppe å gå per no, der folk kan melda frå om brot på forskrifta. Så kan det tenkast at noko blir politisak, men vi håpar jo ikkje det kjem så langt, seier ho.

Rådhuset er no fysisk stengt for besøkande, og dei aller fleste i kommunen, i alle fall dei som kan ha det, har heimekontor.

– Barn og unge ønskjer vi å skjerma i størst mogleg grad, så tilsette som jobbar mot denne gruppa har fysiske møter der det ikkje er mogleg å gjera ting digitalt. Men rådhuset er stengt for besøkande. Vi er elles tilgjengeleg på telefon og e-post, så folk som treng å koma i kontakt med kommunen, skal få høve til det.

Ho legg til at kommunen følgjer smittesituasjonen nøye, og at intet nytt er godt nytt. I utgangspunktet gjeld forskrifta til torsdag.

– Vi forlenger ikkje ei forskrift lengre enn naudsynt, då vi ikkje kan ha ei slik berre førebyggjande, presiserer ho.

Les også

Kvinnherad, Stord og Tysnes med felles E39-uttale: – Vil gi milliardgevinst

Kommentarer til denne saken