Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen klar med påsketilråding for båthamner, camping- og bubilplassar

Torsdag ettermiddag, etter eit møte i beredskapsgruppa, har Kvinnherad kommune sendt ut følgjande råd for båthamner, camping- og bubilplassar:

• Det er utleigar (campingplass/båthamn) som har ansvar for at godt smittevern er ivaretatt, og kan såleis pådra seg konsekvensar/bøter om ikkje smittevernet blant gjestene vert følgt opp på ein tilfredsstillande måte

• Det er i motsetnad til i fjor no oppmoda om å halda sanitæranlegga opne (med smitteverntiltak etter det som står i bransjenorm). Dette er for å unngå at gjester bruker alternative løysingar som ein ikkje har kontroll over.

• Samstundes er det opp til den enkelte utleigar å vurdera om ein skal halda ope eller stengt.

• Det er oppmoda om å utarbeida ei risikovurdering for eiga drift.

• Verksemdene må sjølve vurdera om dei vil ha ope og ta imot gjester, eller stengja drifta i denne perioden.

• Anbefalinga er no at ein skal ha maks to gjester på besøk i hus, hytte og hage. Her tolkar ein at dette òg gjeld for campingvogn/bubil. Ved at hage er spesifisert, vil dette innebera at ein ikkje kan ha meir enn to gjester utanfor si eiga vogn/bubil/båt. Dette er no to personar, og ikkje to kohortar.

• Det er ei anbefaling om å halda to meter avstand, og bruka munnbind der dette ikkje er mogleg.

Elles viser kommunen til NHO sin oppdaterte rettleiar for smittevern ved campingplassar og båthamner. Den kan du sjå her.

Oversikt over nasjonale tiltak finn du her.

Kommentarer til denne saken