Kvinnherad kommune har nyleg sendt ut brev til skular, barnehagar, FAU, grendelag, eldreråd, ungdomsråd, einskildpersonar, næringsliv, lag og organisasjonar og bede om innspel til den kommunale trafikksikringsplanen som skal reviderast i år.

Eksisterande plan er frå 2012.

Innspela «kan vera; trafikkfarlege punkt/strekningar, åtferd- og haldningsarbeid, opplevd utryggleik, behov for skilting og redusert fartsgrense, behov for gang- og sykkelveg, fortau, veglys, busshaldeplass, gangfelt og liknande. Det er viktig med skildring av ønskt tiltak og kvar det er», skriv kommunen.

Ønskjer du å markera staden for tiltak på eit kart, kan du bruka kommunen si kartteneste. Den er å finna på kommunen si heimeside, det same er gjeldande trafikksikringsplan.