Kommunen si beredskapsgruppe: – Å ta vare på helsepersonale er det viktigaste no

Her ser du tre av dei som er i kommunen si beredskapsgruppe: F.v.: kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, fungerande ordførar Hilde Enstad og kommuneoverlege Glenn André Opland. (Foto: Kvinnherad kommune).

Her ser du tre av dei som er i kommunen si beredskapsgruppe: F.v.: kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik, fungerande ordførar Hilde Enstad og kommuneoverlege Glenn André Opland. (Foto: Kvinnherad kommune).

Kommunen si beredskapsgruppe jobbar på spreng for å gjera det beste for innbyggjarar og tilsette i kommunen. – Det viktigaste er å sikra at helsepersonale kan vera på jobb.

DEL

Kvinnherad kommune si beredskapsgruppe har hatt møte to-tre gonger om dagen dei siste dagane. Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik seier situasjonen er svært krevjande:

– Korona-pandemien, og korleis vi best mogleg skal takla den, er ei av dei største utfordringane vi som kommune har fått. Dette scenarioet hadde vi aldri sett for oss, og det er svært krevjande å stå i. At regjeringa no har kome med sine restriksjonar og vedtak avhjelper oss noko, men det kjem heile tida nye situasjonar vi må ta for oss. Eg vil nytta høvet til å rosa alle tillitsvalde, vernetenesta og tilsette for innsatsen dei har gjort, og framleis gjer, seier Bjerkvik.

Får barnepass

Kommuneoverlege Glenn André Opland hadde eigentleg pappapermisjon, men har måtta avbryta denne.

– Å sikra helsepersonalet vårt, og leggja til rette for at dei kan vera på jobb, er svært viktig. Det er viktig å organisera barnepass for desse, og per no har eg og kona mi, som òg er lege, barna våre i barnehage og på skule medan vi er på jobb, fortel Opland.

Han fortel at det til no ikkje har vore ei stor problemstilling. Helsepersonale som treng tilrettelegging i forhold til barnepass får dette tilbodet i barnehagane og på skulane i bygda der barna deira vanlegvis går, sjølv om desse er stengd ned for andre. Dette er fordi helsepersonale er ei prioritert gruppe, og tilbodet blir oppretta i dialog med familiane det gjeld.

Press på helsesenter og legevakt

Beredskapsgruppa har fleire oppmodingar å komma med:

– Det er enormt press på helsesenter og legevakt nett no. Vi oppmodar derfor folk som ikkje absolutt ta kontakt, eller som ikkje treng behandling, om å venta. Kvar telefon dei tilsette der må ta tar tid, og dei må i hovudsak hjelpa dei svakaste risikogruppene og dei akutt sjuke. Bruk elektroniske kontaktskjema der du kan, seier kommunedirektøren.

Heimreisande må halda seg unna

Mange studentar og andre kjem no heim til Kvinnherad fordi dei ikkje veit om landegrenser og flyplassar blir stengde. Dei som kjem frå utanfor Norden hamnar rett i 14 dagars karantene. Desse må vera spesielt varsame viss dei er i familie med, eller tett på, nokon som jobbar i helsesektoren i Kvinnherad, og halda avstand.

– Vi har oppretta ein eigen kontaktperson for dei som er i familie med helsepersonale og som no kjem heim frå reise. Dei kan ringa sentralbordet til kommunen for å få tips og råd. Vi kan ikkje risikera at helsepersonalet vårt hamnar i karantene, derfor må dei skjermast, seier Bjerkvik.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags