Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen sitt støtteteam er tilgjengeleg i samband med ulukka

Kvinnherad kommune melder at kommunen sitt støtteteam er tilgjengeleg i samband med den tragiske ulukka måndag kveld.

Måndag kveld omkom ei 18 år gammal kvinne i ei ulukke på Baugstranda.

Tysdag morgon la kommunen ut følgande melding på Facebook-sida si:

«Det er med stor sorg å melda om at ei trafikkulukke på FV 5048 på Baugstranda, har ført til at ein person omkom i Kvinnherad i går måndag 19. juli. Kvinnherad kommune har gjennom kvelden, og natt til i dag, vore i tett kontakt med politiet for å få oversikt over situasjonen».

Vidare står det at fylkesvegen på ulukkesstaden framleis er stengd, og vil vera det utover føremiddagen, melder politiet.

«Kommunen sitt støtteteam har vore til stades på ulike måtar for vener og pårørande i denne tida, gjennom samver og samtalar. Dersom du ynskjer koma i kontakt med kommunen, kan du ta direkte kontakt med ordførar Hans Inge Myrvold eller sektorleiar Leif Kongestøl. Det vil koma meir informasjon seinare i dag. Ta vare på kvarandre» står det til slutt i meldinga.

Kommentarer til denne saken