Kommunen startar «leiteaksjon» etter mogleg plassering for batterifabrikken

I ei pressemelding signert ordføraren og kommunedirektøren kjem det fram at Kvinnherad kommune jobbar vidare med å melda Sunnhordland og Kvinnherad på tilbodet om etablering av batterifabrikk. Men dei understrekar at «eventuelle bindande avgjersler takast av politiske organ som del av lokaldemokratiske prosessar».