Kommunen: To nye positive covid-19-prøvar

DEL


Måndag fekk ein person frå Kvinnherad kommune eit positivt prøvesvar etter å ha testa seg for covid-19. Tysdag melder kommunen at to nye personar med bustadadresse i Kvinnherad har testa positivt.

Ingen av dei to oppheld seg i kommunen, skriv kommunen på nettstaden sin tysdag ettermiddag.

Kommuneoverlege Glenn André Opland fortel til Kvinnheringen at det er to unge personar, og sidan dei ikkje oppheld seg i kommunen, er jobben med smittesporing avgrensa for beredskapsgruppa til Kvinnherad kommune sin del.

Opland fortel òg at det ikkje er samanheng mellom måndagens tilfelle og dei to nye.

Les også: – Det er kome for å bli, seier butikksjef – som meiner kundane er flinke (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags