Gå til sidens hovedinnhold

Kommunen uroa for mutert virus: – Ein bør ikkje bevega seg utanfor kommunen meir enn ein må

– Situasjonen på landsbasis endrar seg. Det er inga dramatisk endring for Kvinnherad, men vi må vera budde på at det muterte viruset i Oslo-regionen spreier seg vidare, sa kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik under ei digital presseoppdatering tysdag morgon.

Til stades var òg kommuneoverlege Glenn A. Opland og beredskapsansvarleg Gunn Tove Petterteig. Bjerkvik sa at det er særs viktig no at alle held fram med å vera forsiktige, og at ein held fram med å følgja smittevernsråda.

– Utviklinga i Oslo-regionen dei siste dagane viser oss at denne pandemien slett ikkje er over. Det er eit alvor vi alle må ta inn over oss. Dei som har vore på besøk i Oslo-regionen i seinaste tid, må vera ekstra obs på situasjonen. Du skal ikkje lura på om du skal ta ein test viss du kjenner dei minste symptom, du skal berre gjera det, sa kommunedirektøren.

Få har testa seg i det siste

Opland fortalde at det ikkje har vore nye smittetilfelle lokalt dei siste dagane, og at ein har hatt totalt ni tilfelle etter jul.

– Totalt under pandemien har vi hatt 44 smittetilfelle i Kvinnherad. Per no har vi éin person i isolasjon, og fire i karantene. Totalt under pandemien har vi hatt 353 nærkontaktar, så rundt 360 totalt har vore i karantene som følgje av smittetilfelle, sa han.

Han sa vidare at det muterte viruset elles skapar ein ny trusselsituasjon, og at vi må vera budde på at dette viruset kan spreia seg vidare.

– Situasjonen blir problematisert av at det er ei lita forseinking i analysen, så det generelle rådet er å vera ekstra obs med omsyn til smittevern no. Ein bør ikkje bevega seg meir enn naudsynt utanfor kommunen, og ikkje ha besøk av fleire enn tilrådd. Hald avstand til andre, ha god handhygiene, ver heime om du er sjuk, og har du symptom; test deg. Det er relativt få som har testa seg i det siste, og det kan sjølvsagt vera fordi folk er friske, men det kan òg vera fordi folk begynner å gå lei, vurderte kommuneoverlegen.

150 vaksinerte

Han oppdaterte òg litt om vaksinasjonsprosessen lokalt.

– Vi har motteke 25 hetteglas så langt, og vaksinert 150 personar. I morgon, onsdag, mottar vi 25 nye hetteglas, så då får vi fullvaksinert dei som så langt har fått vaksinen. Så håpar vi alt går etter planen med nye leveransar, slik at vi snart kan gå i gang med massevaksinasjon. Planen framover, slik den har vore heile vegen, er å ta imot alle vaksinene vil blir tilbydde, og så satsar vi på at vi får nok leveransar til at vi får vaksinert dei vaksne innbyggjarane til sommaren. Men dette er sjølvsagt avhengig av at vaksinar blir godkjende og at leveransane kjem som dei skal, samt at vi har kontroll på det muterte viruset, sa Opland, som la til at det gode nyhendet er at vaksinen ser ut til å fungera også mot det muterte viruset.

– Vi er heilt klart uroa over at nokre vaksinedosar til landet vert stoppa. Men dei vil koma. Og då skal vi ha eit massevaksinasjonsopplegg, der vi treng alle hender vi kan få. Skulle det vera nokre pensjonerte sjukepleiarar der ute som vil bidra, så ta gjerne kontakt, oppmoda kommunedirektøren.

Beredskapssjef Gunn Tove Petterteig la til at det vil bli laga ein vaksinasjonskalender etter modell frå Grimstad, som viser rekkjefølgjen av gjennomført, planlagt og forventa vaksinering av befolkninga framover.

– Ein vil ikkje få invitasjon til vaksinasjon før det er meir klart nøyaktig når dette blir, sa ho.

– Tenk på kor du har vore

Kommunedirektøren understreka nok ein gong kor viktig det er å følgja smittevernsråda, og ikkje minst å ha låg terskel for å testa seg.

Ho oppmoda òg til å tenkja seg godt om før ein besøkjer pårørande på institusjonane, trass i at det ikkje er besøksforbod.

– Tenk på kor du har vore, og kven du har vore i kontakt med, før du eventuelt tar turen, sa ho.

Utbrotet av det muterte viruset i Oslo-området har ført til at det blir forseinkingar i gjenopning av nokre tenestetilbod også her.

– Vi gjer vurderingane forløpande, men følgjer nøye med på utviklinga i Oslo-regionen. Vi ønskjer ikkje å opna for tidleg, sa Bjerkvik.

Ho understreka elles at det er viktig at barn og unge får gå i barnehage og på skule, og elles halda på med det dei skal så langt det går.

– Barn og unge har teke ein stor bøyg i denne pandemien som no har vart i snart eitt år, og det er viktig at dei får ha ein så normal kvardag som mogleg. Det er strengt nok som det er. Så har vi ein del andre svake grupper som vi er uroa for, og dette er ingen god situasjon å vera i. Kjenner du nokon som du trur kan ha det vanskeleg no, er det fullstendig smittefritt å ta ein telefon, sa kommunedirektøren.

Les også

Tilsett ved Odda sjukehus smitta – 16 i karantene

Kommentarer til denne saken