Gå til sidens hovedinnhold

Kommuneoverlegen har fått fleire tips om skabb-utbrot i Kvinnherad: – Viktig å komma tidleg i gang med behandlinga

Artikkelen er over 1 år gammel

I juli skreiv Kvinnheringen om at vi hadde fått tips om skabb-utbrot, men kommuneoverlege Glenn André Opland opplyste at han på dét tidspunktet ikkje hadde fått melding frå legane i kommunen om noko omfattande utbrot.

No fortel han at han derimot har fått tilbakemelding om ein del skabb-utbrot i Kvinnherad den siste tida.

Skabb er ein parasitt som grev gangar i huda og legg egg.

– Viss du får kløe som ikkje gir seg, eller som blir verre, så bør ein sjekka dette hos lege. Det kan vera mellom fingrane, men òg andre plassar på kroppen. Av og til kan ein òg sjå «stiar» i huda. Det som òg er veldig typisk for skabb, er at kløen blir verre når du blir varm, som til dømes når du har lagt deg under dyna om kvelden.

Han seier skabb smittar via kroppskontakt, og viss ein til dømes bytelåner klede.

– Det tar nok kanskje litt tid før folk tenker tanken om at det kan vera skabb. Men viss ein får stadfesta at ein har skabb, er det viktig å komma tidleg i gang med behandlinga, fortel kommuneoverlegen.

I tillegg til den sjuke skal alle familiemedlem og nære kontaktar behandlast, og behandlinga bør skje samtidig for alle.

– Behandlinga kan vera kostbar viss ein er fleire i familien, og krevjande fordi ein må vera svært nøye med reinhald for å stoppa smitten og bli kvitt skabben. Sengeklede, handkle og klede må vaskast.

Det finst to alternative behandlingar mot skabb. Den mest brukte er ein Nix/Permetrin krem. Denne kostar rundt 474 kroner per tube, og denne har apoteka i Kvinnherad inne. Ein kan òg bruka Benzylbenzoat liniment, men denne kjem ikkje inn igjen på lager før i veke 44, opplyser Vitusapotek Husnes.

Viss du vil lesa meir om skabb og behandling kan du gå inn på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Les også

Bjarne (21) frå Valen flytta vekk for å utvikla seg som artist: – Kvinnherad er ikkje ein stad eg kan dyrka lidenskapane mine i så stor grad som eg ønskjer

Kommentarer til denne saken