Kommuneoverlegen si bøn: Dette kan du gjera for å minska trykket på helsetenesta og for å hindra smitte

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

Kommuneoverlege Glenn André Opland. (Arkivfoto).

DEL

– Du, som innbyggjar i Kvinnherad kommune, er den aller viktigaste brikken for at vi skal komma gjennom denne pandemien med flest mogleg av våre utsette innbyggjarar i behold. Dette er en felles dugnad og eit felles ansvar! skriv kommuneoverlege Glenn André Opland i ei pressemelding.

Helsetenesta er under eit stort press. Dette kan i verste fall gå ut over liv og helse. Under følgjer ei liste over kva alle kan bidra med, både for å minka trykket på helsetenesta og for å hindra å smitta andre.

For dei fleste, som ikkje sit i karantene, gjeld følgande:

Har du milde til moderate luftveg-symptom (dvs. feber, hoste og/eller du er kortpusta) skal du først og fremst halda deg heime (!) og unngå unødvendig kontakt med andre. Du skal ikkje kontakte helsetenesta, og du skal ikkje testast. Du kan gå på jobb etter å ha vore symptomfri i ein dag. Har du så alvorlege symptom at du trur du vil trenga antibiotika eller sjukehusinnlegging, kontaktar du lege via telefon!

Merk: For helsepersonale og pasientar på institusjonar i Kvinnherad gjeld andre retningslinjer.

For dei som sit i karantene gjeld følgjande:

Først og fremst – du må overholda karantenen! Får du milde til moderate luftveg-symptom (dvs. feber, hoste og/eller er kortpusta), skal du ikkje kontakta helsetenesta, og du skal ikkje testast! Du kan gå på jobb etter å ha vært symptomfri i 7 dagar. Får du alvorlege symptom, og du trur at du vil trenga sjukehusinnleggeing, kontaktar du lege via telefon.

Smittevern:

– Ikkje gå til lege, tannlege, fysioterapeut eller andre helseaktørar med mindre det er trengande nødvendig. Du eksponerer både deg sjølv og andre! Dei fleste kontrollar og liknande kan venta!

– Bruk elektroniske løysingar som e-melding og e-konsultasjon i kontakt med legen din, viss dette er mogleg.

– Må du til lege, tannlege e.ller liknande, så møt presis (ikkje sit på venterommet i 30 minutter før timen), hald avstand til andre på venterommet, minst 1 meter, helst 2 meter, og praktisér god hand- og hostehygiene. Bruk alltid handsprit når du kjem inn/går ut.

– Vask hender, evt. bruk handsprit, før og etter butikkbesøk eller besøk hos andre. Det same gjeld når du går inn og ut av eigen bustad.

– Hald fingrane dine for deg sjølv og ta minst mogleg på ting når du er ute i offentlegheita, det vera seg på butikken, på bussen eller på venterom.

– Ver ein erketypisk "nordmann" – hald god avstand til folk du møter på gata eller på tur, helst 2 meter. Ikkje handhels eller klem, finn alternative helsemåtar.

Artikkeltags