Prisauke på 3984 i månaden i Kaldanesvegen

Artikkelen er over 2 år gammel

– Eg ser ein utviklingshemma person får ei auke på 18.000 i leige i året. Då er det ikkje mykje ekstra å gå på, sa Gretha Rød (Ap), om den nye prisauken.

DEL

Gretha Rød stilte spørsmål til ordføraren om kva prisar som gjeld i dag, og kva prisauke det er forventa for leige og andre livskostnadar, som enkelte betalar kommunen. Ho viste spesielt til eldre og sjuke som bur i bufellesskap på sjukeheimane, og psykisk utviklingshemma som bur i bustadar saman med andre.

– Eg ser at ein utviklingshemma person får ein auke på 18.000 i leige i året, og då er det ikkje mykje ekstra å gå på, slik det høyrest ut for meg. Også det at personen har kostnadar på 5000 kroner for mat i månaden, verkar veldig dyrt ut for meg. Eg vil gjerna høyra kva som er grunnen til desse summane? spurde Rød ordføraren.

Svaret til ordføraren var omfattande, og blei gitt ut til forsamlinga skriftleg.

– Det er vanskeleg å gje eit korrekt svar på dette, då prisane på leige per i dag er forskjellige og vil vera forskjellig etter prisauken 1.10.2018, skriv ordføraren.

Det vil vera forskjellige faktorar som er lagt til grunn for skilnaden, som storleik, alder på bygget, lokalisering, standard og heildøgns personalbase. Slettebø streka under at ikkje alle får auke i husleiga, men også nokre får redusert.

I ein av bustadane i Kaldanesvegen vil leiga auka med kroner 3.984, og dermed kosta kroner 7.903, der ein får kommunal bustønad på kroner 2.459.

– Når det gjeld eldre og sjuke i bufellesskap på sjukeheimane, må vi kjenna til både husleigekostnadar og inntekter for den einskilde for å kunna gi rett svar, skriv ordføraren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags