Skal bygga 20 bustadar etter eige-leige-modellen

Artikkelen er over 1 år gammel

Kommunestyret gjekk samla inn for at det skal byggast 20 nye bustader i Rosendal.

DEL

I sist kommunestyremøte kom Hilde Enstad (Ap) med ein interpellasjon, og under torsdagens kommunestyremøte la Kvinnherad Ap fram eit nytt forslag til Bustadplan 2018–2021:

– Det er slik at dagens bustadpolitikk er diskriminerande for unge som skal busetta seg. Eigenkapital er vanskeleg. Kva bustad får ein for to millionar i dag? Unge førstegongsetablerarar er blitt avhengige av andre. Bustadplanen vår må leggja til rette for desse. I Rosendal har det vore spesielt vanskeleg for unge. Barnefamiliar eller einslege som treng ein plass å bu. Dei stiller bak i køen i Rosendal. Difor ønskjer vi å gi noko tilbake til dei unge, vi vil tilby eit godt butilbod etter den såkalla eige-leige-modellen, sa Enstad.

Ove Lemicka (Frp) syntest det var mange god tiltak i planen til «Enstad & co».:

– Eg forstår det slik at det er tomta det vil bli mest diskusjon kring, men det er mykje her vi heilt sikkert blir einige om. Dette er eit viktig prosjekt. Det har vore sterke kjøpargrupper i området, noko som har ført til høgt prisnivå. Men det er òg slik at reglane for bankfinansiering blei til for å avgrensa tilgangen på kreditt. Spesielt i distrikta har unge problem med å skaffa nok eigenkapital. Det er viktig at kommunen ikkje tar for stor risiko med å hjelpa folk i å kjøpa bustad. Derfor meiner eg dette må skje i tett samarbeid med bankane. Så bør vi også sjå på kva erfaringar vi får etter bustadutbygginga på Husnes. Det bør også bli eit samarbeid mellom det offentlege og det private. Fordelen med det er at kommunen ikkje eksponerer seg i for stor grad, sa Lemicka.

Gruppeleiarane fekk diskutera framlegget til Ap, og kom fram til eit nytt felles framlegg.

– Det skal etablerast 20 einingar sentralt i Rosendal etter eige-leige-modellen. Formannskapet vert styringsgruppe, medan administrasjonen skal leggja fram forslag til framdrift. Dei tidlegare vedtekne omsorgsbustadane vert handsama som eiga sak denne våren, oppsummerte Leif Sverre Enes (H).

– Vi har kome fram til eit relativt bra kompromiss, slutta Enstad.

Saka kjem opp i kommunestyret før handsaming av økonomiplanen 2019–2022.

Artikkeltags