Vi tok frå folk – og gav til eigedomsutbyggjarane

– Eg spanderer ei flaske god vin på den som kan forklara meg logikken her, seier Gaute Lund (SF) i eit lesarinnlegg om tilknytningsgebyr-saka som var oppe i kommunestyret.

– Eg spanderer ei flaske god vin på den som kan forklara meg logikken her, seier Gaute Lund (SF) i eit lesarinnlegg om tilknytningsgebyr-saka som var oppe i kommunestyret. Foto:

Av
DEL

MEININGAR:I kommunestyremøtet vedtok vi å halvera tilknytingsgebyret for vatn og avløp og heller auka dei variable, årlege avgiftene for alle.

Tilknytingsavgifta er i dag dryge 15.000 kroner for vatn, og om lag det same for avløp. Ein betaler denne når ein ny bustad eller anna bygg vert kopla på vatn/avløp. Kommunen har eit smidig datasystem som reknar ut kor store dei totale gebyra skal vera for å dekka kostnadene. Dette kallar vi «sjølvkostprinsippet». Når ein senkar tilknytingsavgifta så vil det alle betalar for forbruket automatisk auka. Ein vanleg familie vil betala knappe 300 kroner meir per år. Dette er høgst moderate summar for dei fleste. Men eg beklagar det. I nokon grad tar kommunestyret frå alle og gjev pengane til eigedomsutbyggjarane. Mange i kommunestyret ville absolutt ikkje innsjå dette. Eg skal forklara kva eg meiner og så får folk dømma sjølv, og gjerne gå inn og sjå opptaket frå kommunestyremøtet.

Grunngjevinga er at det skulle bli meir attraktivt å etablera seg i Kvinnherad. Det meiner eg er tvilsamt. Av nye bygg så reknar eg det som opplagt at ein stor del vert bygd av eigedomsutviklarar som vanlegvis sel «nøkkelferdige» bygg. Då betalar utbyggjar påkoplingsgebyret. I enkelte tilfelle kan det skje at nokon kjøper eit hus og sjølv betalar påkoplingsgebyret. Då vil halveringa gagna huskjøparen. Og det er ein del folk som byggjer sjølv, og vil gagna. Men dei aller fleste nybygg er bygd av utbyggjarar og selde nøkkelferdig.

Dei som er tilhengjarar av endringa, primært H og Frp, framstiller det så som at gebyrreduksjonen vil gagna huskjøparane. Dette tykkjer eg er nær absurd. Prisen på eit nøkkelferdig hus vil vera gjeven av marknaden. Eit ferdig husvære som no kostar 2.500.000 kroner vil ikkje brått kosta 2.485.000. Utbyggjarar vil jo freista redusera kostnadene sine, anten det er kostnaden til materialar, arbeid, eller som her – offentlege avgifter. Og det er himmelropande opplagt at i det minste ein stor del av reduksjonen vil gå til auka forteneste for utbyggjarar. Prisane for hus og husvære ut i marknaden vil ikkje bli påverka av dette.

Det er klart at littegrann av gebyrreduksjonen vil finna vegen fram til å gagna huskjøparane som skal etablera seg. Men det er like klart at mykje av reduksjonen vil gå rett til utbyggjarane, truleg mestedelen. I tidlegare haustmøte der vi har drøfta endringar i andre kommunale gebyr og avgifter, så har eg etterlyst informasjon om kven som blir direkte påverka av avgiftsendringar. Kven blir ramma? Med Cicero: Qui Bono? (Kven tener på dette?). Her kunne slike opplysningar lett ha vore framlagt: Kor ofte er det utbyggjarar som betalar dette gebyret? Kor ofte er det «sjølvbyggjarar» eller huskjøparar? Slik informasjon vart ikkje lagt fram. Eg reknar med at lesarane ser seg rundt på kven som byggjer og sel hus, og ser at mine påstandar om kven som tener på dette, står seg godt.

Det å ta inn eigedomsskatt på rundt ein tusenlapp per husstand og bruka det til kommunale tenester er visstnok vederstyggeleg. Og det er visstnok noko som får folk vekk frå å etablera seg i Kvinnherad. Frå dei same partia torsdag: Å ta pengar frå alle husstandar kvart år og gje til eigedomsutbyggjarar (og litt til enkelte huskjøparar), er visst bra, særleg for å få folk til å etablera seg. Ein gong til: Ta frå alle og bruka på tenester til alle – dårleg. Ta frå alle og gje til eigedomsutbyggjarar – bra. Eg spanderer ei flaske god vin på den som kan forklara meg logikken her. Men eg er eigentleg ikkje overraska, når du ser kva parti dette kjem frå. Legg til at dette er partia til dei store utbyggjarane. Ikkje overraska, nei. Men eg beklagar at eg ikkje kunne stoppa det.

Gaute Lund,
Kvinnherad Raudt.

Artikkeltags