– Kommunen druknar oss midtfjords

BRYR SEG IKKJE: – Eg føler dei som sit her ikkje har peiling, dei bryr seg ikkje, sa Kristine L. Haukanes (midten), som var i møtet saman med andre bebuarar frå Varaldsøy. F.v: Johnny Solsvik, Reidun Gjuvsland Kjærevik, Kristine L. Haukenes, Siren Lauvsland og Anita Hille.

BRYR SEG IKKJE: – Eg føler dei som sit her ikkje har peiling, dei bryr seg ikkje, sa Kristine L. Haukanes (midten), som var i møtet saman med andre bebuarar frå Varaldsøy. F.v: Johnny Solsvik, Reidun Gjuvsland Kjærevik, Kristine L. Haukenes, Siren Lauvsland og Anita Hille. Foto:

I kommunestyret torsdag hadde representantar frå Varaldsøy bygdelag møtt opp. Dei vil på ingen måte vera med å betala bompengar for å finansiera Kvinnheradpakken

DEL

I formannskapsmøtet 11. oktober var Kaisa Banne frå Statens vegvesen på besøk for å orientera om Kvinnheradpakken og bompengesøknaden, som skal vera med å finansiera pakken. I kommunestyret torsdag var ho igjen å sjå i salen, og gav same orienteringa til alle representantane. Som Kvinnheringen tidlegare har skrive vil det frå 2020 bli innført bompengar i Kvinnherad, mest sannsynleg på ferjer. Det skal vera 15 års innkrevjing med ein gjennomsnittstakst mellom 35 og 43 kroner.

– Det er rimelegare med ferjeinnkrevjing enn bompengestasjonar på land. Det kostar ikkje noko å fakturera på ferje, heller ikkje vil det kosta noko på vedlikehald, sa Banne under orienteringa.

– Utruleg urettferdig

Politikarane var oppstemte over søknaden, og fleire tok til orde for at dette var ein pakke det var vanskeleg å seia nei til. Men ikkje alle i Kvinnherad deler oppfatninga til politikarane. Fem personar frå Varaldsøy satt på bakarste rad og følgde nøye med på alt som blei sagt. Dei vil bli råka av bompengeinnføringa, utan å få noko att for det.

– Eg føler det er så forferdeleg urettferdig. Alt vi skal gjera i kvardagen blir ei kjempestor utgift, sjølv om vi ikkje beveger oss utanfor kommunegrensene, sa Kristine Lokøy Haukenes, med bekreftande nikk frå dei andre øybuane.

Dei fortalde at uansett om dei skal på jobb eller på butikken, må dei betala 67 kr for å komma seg dit. Fire av desse personane jobbar i Rosendal, og tar ferja kvar dag. Dei har ei årleg utgift på 40.000 kroner. Viss bompengar på ferje blir innført vil denne utgifta auka til over 60.000 kroner.

– Det er så utruleg urettferdig at det alltid er vi som skal blø, og no er vi så lei. Vi får heller ingenting ut av Kvinnheradpakken, nytt ferjeleie på Varaldsøy er tatt ut av den. Kommunen druknar oss midtfjords, sa Haukenes.

Dei kritiserte også ordføraren sitt utspel om at dei vil tena på det om dei skal til Odda.

– Vi drar til Odda og Husnes to gongar i året. Det er Rosendal vi drar til kvar dag, og der får vi ingenting igjen frå Kvinnheradpakken.

– Historisk vedtak

Etter orienteringa til Banne blei det ein matpause. Då forsamlinga var tilbake hadde ordføraren formulert eit tilleggspunkt til innstillinga, underteikna av alle parti. Der stod det at kommunestyret bed rådmannen utgreia ei kommunal refusjonsordning for strekningar som kan vera aktuelle. Aktuelle strekningar var forklart med bygder som kan få vesentleg auka kostnadar, liten nytteverdi, og som er avhengige av ferje til arbeidsstad og kommunale tenester.

– Eg meiner Varaldsøy skulle vore skåna, men eg registrerte i møta vi har hatt, at det ikkje har vore likesyn på saka, sa varaordførar Hans Inge Myrvold (Sp), som la til at han likevel ville gå for innstillinga.

Også Gaute Lund (SF) tok til orde for dei ramma på Varaldsøy.

– Eg er skeptisk på å begynna å gi unntak, men eg ser at dette er ein spesiell situasjon, og vil gjerne stemma for forslaget som ligg. Likevel synest eg det kunne vore spissa litt meir. Gjer vi inntrykk av at gir unntak for folk som ber om det, kan vi bli tolka feil.

Etter Lund, tok både Leif Sverre Enes (H), Kai Morten Torget (Frp) og Gunnar Vaage (Sp) ordet, alle samde med dei førre talarane.

– Med dei nye satsane får ein familie på Varaldsøy ei ekstra utgift på 69.000 kroner. Ta det med dykk heim, det er alvorleg mykje. Eg har blitt spurd om kvifor eg ikkje skal betala når dei betalar, og eg blir svar skuldig, sa Vaage, som òg gjekk for innstillinga, og tilleggsforslaget.

Kent Are Kjørsvik Petterson (V) sa at han hadde vore med i arbeidet med Kvinnheradpakken heilt frå starten, og viss det blei eit vedtak torsdag ville det vera historisk.

Innstillinga blei vedtatt samrøystes, det blei også tilleggsforslaget, til applaus frå forsamlinga. Og med det blir pakken sendt til Stortinget.

Artikkeltags