Gjekk for forslag frå Frp: Kommunestyret støttar utbygging av Onarheim kraftverk

Ove Lemicka og FrP, i lag med Høgre, Sp og Ap, la fram forslag om å rå til byggeløyve for Onarheim kraftverk. Det fekk dei klart fleirtal for.

Ove Lemicka og FrP, i lag med Høgre, Sp og Ap, la fram forslag om å rå til byggeløyve for Onarheim kraftverk. Det fekk dei klart fleirtal for.

Artikkelen er over 1 år gammel

Mot fem røyster blei forslaget frå Frp, Høgre, Senterpartiet og Arbeidarpartiet vedteke om å støtta SKL si utbygging av kraftverk i Hellandselva.

DEL

Då kommunestyret skulle behandla saka om ein uttale til SKL sin søknad om å byggja ut kraftverk i Hellandselva, erklærte Gunnar Våge, Gretha Rød og Øyvind Lernes seg inhabile, fordi dei sit i styret til Kvinnherad Energi.

Etter ein lang debatt, der spesielt Hege Lægreid Røssland og Gaute Lund i SF var på talarstolen fleire gonger for å kjempa imot, vedtok kommunestyret å senda ein positiv uttale til ei kraftutbygging av Hellandselva, slik SKL har søkt om.

Marit Årthun (Krf) var imot:

- Eg har forståing for grunneigarane sine argument, men her meiner eg friluftsinteressene må vega tyngre enn økonomiske interesser. Ei frittrennande elv, slik Hellandselva er, kan ikkje målast i kroner og øre, og det er viktig å ha urørte naturområde, sa ho.

Irene Nielsen Sjo (Ap) var positiv til utbygginga, og peika på at vassdraget allereie var regulert og utbygd.

- Dei fleste utbyggingar er inngrep i naturen. Men vi har to eksportvarer her til lands, det eine er olje og gass, det andre er rein energi. Dette gir oss inntekter vi har bruk for her til lands, og på kort sikt vil dette gi oss arbeidsplassar.

Hege L. Røssland og Gaute Lund i SF var klinkande klare på at dei ville gå imot prosjektet.

- No fekk eg bevist kvifor eg aldri ville stemt Arbeidarpartiet! Dei har aldri vist interesse for natur- og miljøverdiar, det er min påstand. Det er alvorleg å villa øydeleggja det mest brukte naturområdet i ytre luten, og eg ber kommunestyret tenkja seg nøye om før dei støttar forslaget frå Frp.

- Det er rett at dette området er regulert frå før, men det viktige her er at folk opplever det som urørt likevel. Og dei som argumenterer med at grunneigarar skal få likebehandling, kva er poenget med debatten då? Kvart tilfelle skal behandlast individuelt. Eg er tilhengar av grøn energi, men ikkje dette prosjektet. Viss vi ikkje skal verna dette turområdet, det mest brukte i ytre luten, kva skal vi verna då? sa Gaute Lund (SF).

Fleire peika også på det store engasjementet frå innbyggjarane, og at det var viktig å lytta til dei. Men forslaget frå Frp med fleire blei til slutt vedteke, med nokre ekstra punkt:

1) Kvinnherad kommune rår til løyve til å byggja Onarheim kraftverk.

2) Dersom tiltaket får løyve må tekniske inngrep i øvre del av tiltaksområdet tilpassast landskapet i særleg grad.

3) Utbygging vil redusera levetilhøva for fossekall og vintererle. Avbøtande tiltak, som oppsetjing av reirkassar og å ta vare på elvekantvegetasjon, kan kompensera for noko av dette og bør vera med i ein eventuell konsesjon.

Artikkeltags