Enstad spør ordføraren om Nav

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

Illustrasjonsbilde frå arkivet.

DEL

Hilde Enstad har sendt spørsmål om forholda ved Nav til kommande kommunestyremøte:

– I kommunestyremøtet 27. september 2018 etterspør Synnøve Solbakken (Ap) venterom inne for dei som skal på møte med NAV. Då svara ordføraren: «Etter kommunestyremøtet har saka om venterom på Nav vore handsama i administrasjonen igjen. Venterommet vert no ope på dagtid.»

I kommunestyremøtet 31. januar 2019 spør Hege Røssland (SF) om situasjonen for dei som ventar på avtale med Nav, og kva ordføraren vil gjera for at våre innbyggjarar får eit verdig møte med Nav. Då får ho eit langt svar, men ikkje kva ordføraren vil gjere m.o.t. ein verdig måte å møta folk på, skriv Enstad.

Ho spør følgjande spørsmål til ordføraren:

– Kva har endra seg frå 27.09.18 til 31.01.19?

– Kva kan ordføraren gjera for å gje personar, som treng bistand frå det kommunale tenesteapparatet, eit verdig møte med kommunen?

Artikkeltags