Elektrisk i kommunestyret

Det er lenge sidan det har vore så mange tilhøyrarar til eit kommunestyremøte som det var torsdag kveld. Mange tilsette frå Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband følgde debatten.

Det er lenge sidan det har vore så mange tilhøyrarar til eit kommunestyremøte som det var torsdag kveld. Mange tilsette frå Kvinnherad Energi og Kvinnherad Breiband følgde debatten.

Med 18 mot 17 stemmer bestemte kommunestyret at ein går vidare i prosessen med å henta inn bod på Kvinnherad Energi sin nettdel.

DEL

Med store delar av Kvinnherad Energi (KE) og Kvinnherad Breiband (KB) på tilhøyrarbenken, vart det ein lang debatt i kommunestyret torsdag kveld om kor vidt ein skulle gå vidare i prosessen med å henta inn bod på KE sin nettdel. Og hadde ikkje Arne Presthus (H) skifta meining i løpet av debatten, ville prosessen med å henta inn bod på delar av KE truleg blitt stoppa denne kvelden.

Før den politiske behandlinga, presenterte dagleg leiar i KE, Knut Førland, kva som rører seg i det jubilerande og vitale energiselskapet. Og dessutan kva utfordringar ein står ovenfor. Mange av debattantane rosa Førland for presentasjonen, og det vart nok tydelegare for mange at KE har mange bein å stå på, og at fleire av beina er bundne saman med leidningar. Til dømes er KB sterkt knytt til nettdelen i KE.


Delt på midten

Så var det tid for politikk, og denne kvelden levde det i kommunestyret, med posisjonskameratane H og Sp på kvar si side. Sp sette tidleg fram eit forslag om å vidareføra dagens eigarskap, og heller utgreia korleis ein kan utvikla KE vidare. Forslaget fekk støtte frå Ap, SF og MDG, i alt 17 røyster. Og sidan Arne Presthus (H) i starten av debatten signaliserte at han støtta Sp sitt forslag, var det i ein elektrisk periode fleirtal (18 mot 17) for stoppa prosessen med å henta inn tilbod.

Debatten vart lang og kjensleladd, med gode argument frå begge sider. Til tider høyrdest det ut som KE si framtid skulle avgjerast der og då.

Etter ein uventa lang pause med høve til gruppemøte, hadde Presthus (H) ombestemt seg, og ordførar Peder Sjo Slettebø (H) kunne leggja fram eit nytt forslag til vedtak, på vegner av H, Frp KrF og V.

Då Presthus (H) entra talarstolen igjen, vedgjekk han å ha krope til korset.

– Fjordhesten ville vera med flokken sin, erklærte hestemannen som denne kvelden strødde om seg med hestemetaforar.

– I og med at vi no har forandra ordlyden, har eg funne at eg må støtta forslaget som no ligg i bordet, la han til.

Blant dei som ba om ordet etter Presthus (H), var Gaute Lund (SF), som både i lesarbrev og i politisk debatt har vore ein klar motstandar av å selja delar av KE. Vel oppe på talarstolen vart han ståande taus, og det såpass lenge at ein kunne lura på om han hadde fått eit drypp. Men til slutt kom det nokre ord:

– Dette er ei stor avgjersle med knappast mogeleg fleirtal. For ein gongs skuld er eg mållaus.

Og med Presthus (H) si heilomvending, vart det fleirtal med 18 mot 17 røyster for å henta inn bod på nettdelen frå BKK og Haugaland Kraft.

Så spørst det om fjordhesten hadde fått kjenna partipiska under gruppemøtet.

Vedtaket vart noko meir spissa enn det ein vedtok i førre KE-runde (i formannskapet) – no er det presisert at eit reint sal av selskapet ikkje er aktuelt, heller ikkje sal av produksjonsdelen. Og frå talarstolen presiserte Slettebø, og fleire med han, at ingenting er avgjort sjølv om ein gå vidare i saka.


Her er vedtaket:

Kommunestyret ser at det er gode moglegheiter for å vidareføra dagens eigarskap med god utvikling av selskapet og gode vilkår for innbyggarar og næringsliv. Kommunestyret ser likevel at nye lovkrav og endring i rammevilkår for bransjen i tida framover vil krevja omstilling i selskapet. Kommunestyret bed styret i Kvinnherad Energi utarbeida ein analyse av stoda i selskapet, og vidare vurdera kva konsekvensar som vil gjera seg gjeldande etter endringar i lovkrav og rammevilkår. Styret skal i eiga melding til kommunestyret synleggjera konsekvensar av omstilling som må gjerast. Styret kjem attende til kommunestyret i april 2019.

Eit reint sal av selskapet er ikkje aktuelt.

Det er ikkje aktuelt å selja produksjonsdelen av selskapet.

Kommunestyret ser at Kvinnherad Energi i dag er i god posisjon til å oppnå gode vilkår dersom ein fusjonerer nettdelen av selskapet inn i eit større regionalt selskap. For å ta stilling til om ein bør starta reelle forhandlingar om evt. fusjon av nettdelen, ber Kvinnherad kommunestyre BKK og Haugaland Kraft eventuelt setta fram eit bod innan 31.03.19. Kommunestyret vil på bakgrunn av eventuelle bod ta stilling til om det er grunnlag for ein intensjonsavtale.

Ordførar får fullmakt til å henta inn bod.


Habilitet

For ordens skuld: Styremedlemene i KE vart erklært inhabile under behandlinga, og dermed måtte Gunnar Våge (Sp), Stig Håvik (H), Gretha Rød (Ap), Marit Bakke (H) og Øyvind Lernes (H) tre frå. Inn kom vararepresentantane Kjetil Emmerhoff (Sp), Jan B. Ingvaldsen (H), Ove Sjo (Ap), Lars Emil Berge (H) og Hanne Kristensen (H).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags