«Forslag til modernisering av Kvinnherad heradsstyre»

Av
DEL

MEININGARSåg nett Tina Bru, stortingsrepresentant for Høgre, som uttala seg om at Stortinget måtte fornya seg – det var altfor kjedeleg for vanlege folk å sjå og høyra på. Einig. Dei lever framleis i 1905, men sjølvsagt skal det vera ein viss stil over det, sjølv om eg av til kunne ynskja meir av det engelske parlamentet i salen.

Forslag til fornying i heradstyret: Set opp skikkeleg mikrofon på alle borda og lat representantane snakka frå plassen sin. Dette vil spara uhorveleg med tid når ein elles må reisa seg frå borda og meir eller mindre letta på foten, må opp og venda seg til ordføraren som om det er kongen, kanskje berre for å koma med ein kort replikk. So skal ordføraren takka og representanten tutla seg bort att på plassen sin.

Grunn to: Eg ser ofte debattane på kommune-TV og trur neppe det er halvparten av representantane som har vore oppe og sagt noko. Me er no komne i ei nyare tid der dei yngre er flinkare til å stå fram, men likevel skal ein vera litt «flink» for å ta ordet frå ein talarstol.

Både i Nato og EU snakkar dei frå plassen sin, så då går det nok her og.

Eg skriv òg dette med bakgrunn i eiga oppleving. Eg var med som varamann i fire år, trur eg møtte berre to gonger. Det var i den tid talarstolen vart innført, og mange slutta momentant å seia noko. Eg hadde vel ikkje noko å seia, eg kan vera «stor i kjeften» på papir, men talarstolen har eg respekt for. Hadde ikkje opplæring i det i gamle dagar. No skal me vera litt romslege med representantane, om ikkje alt dei seier er like bra framført, både dei som er med for å gjera ein god jobb og dei som likar å stå på lista. Eg trur òg at me då vil få fleire korte replikkar når ein slepp springa på stolen for fem ord. Det vert kanskje litt meir interessant og ordføraren set grensa dersom det drar ut.

Men elles vil eg gi skryt til dei som tar på seg denne «drittjobben» med kjeft frå alle kantar.

Vonar på kjekk valkamp, god debatt, og ikkje så mykje tullpreik som frå rikspolitikarane. Ein plass må grensa gå for toskeskapen.

Johs. Bondhus

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags