Sa nei og nei og nei til Opdal

Svein I. Opdal (MDG) vil la dei som byggjer solcellepanel få fritak frå eigedomsskatt, han vil avvikla skotpremie på dyr og ikkje gje støtte til Cruisedestinasjon Hardangerfjord, men han er nesten aleine om dette.

DEL


Opdal sa i kommunestyret at han var svært uroleg for den økonomiske utviklinga i kommunen.

– Eg har sagt det mange gonger før, men det er risikosport det vi driv med, og plutseleg kan vi stå har utan noko fond.

– Elles er eg som SV i 1977, eg har med meg ein bunke med forslag som eg ønskjer kommunestyret skal røysta over.

Forslag nummer ein var at dei som satsar på solceller skal få utbetalt same summen som eigedomsskatten dei betalar i året, dette forslaget fekk 15 røyster og fall.

Opdal som er kjent for å visa seg naken til cruiseskipa, vil avvikla tilskotet til Cruisedestinasjon Hardangerfjord, berre sju andre i kommunestyret var samde med Opdal i det.

Opdal meinte at det å gje skotpremie var ei fossil ordning, som ikkje burde premierast. Dette forslaget fekk ni røyster, og fall òg.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags