2017 blei slett ikkje så verst økonomisk for kommunen, men lånegjelda aukar

Under kommunestyremøtet presenterte rådmannen førebels rekneskap for kommunen for 2017. Foto: Karen Anna Kleppe.

Under kommunestyremøtet presenterte rådmannen førebels rekneskap for kommunen for 2017. Foto: Karen Anna Kleppe.

87,5 millionar i pluss for Kvinnherad kommune.

DEL

Under kommunestyremøtet torsdag presenterte rådmannen førebels rekneskap for kommunen for 2017.

– Vi har eit forbruk på 99,6 prosent av budsjetterte midlar i 2017, og sit att med eit overskot på tre millionar kroner. Viss vi ser på tidlegare år, så har det kvart år vore eit meirforbruk, men i 2017 har ein altså klart å halda seg litt under, fortalde rådmann Odd Ivar Øvregård til forsamlinga.

Det samla driftsresultatet enda på heile 87.474.632 kroner, mot 21.020.321 kroner i 2016  

– Den største inntektsdelen kjem frå fondet vårt, men vi har òg stort overskot på skatt i år, forklarte rådmannen, og la til at Kvinnherad får utjamningsmidlar når andre kommunar går opp i skatteinntekter.

I det opphavlege budsjettet for 2017 vart det budsjettert med 9,1 millionar i inntekter på posten «andre direkte og indirekte skattar», i tråd med resultatet for 2016. Men i staden for kom det inn 34,2 millionar til Kvinnherad i 2017 på denne posten.

Også inntektene frå rammeoverføring og andre statlege overføringar gjekk betydeleg opp samanlikna med 2016, medan postane skatt på inntekt, formue og eigedomsskatt gjekk ned.

Av utgiftene til kommunen er det posten lønnsutgifter og sosiale utgifter som utgjer klart mest, i lag med kjøp av varer og tenester som inngår i tenesteproduksjon.

Totalgjelda til kommunen i 2017 var på 1,5 milliardar kroner, der 509 millionar vert dekka av andre kjelder (sjølvkost, rentekompensasjon).

– I 2017 passerer vi éin milliard i lån som er knytt til drifta, og derfor får innverknad på driftsbudsjettet. Fondet var ved årsskiftet på rundt 715 millionar kroner, men vi har likevel auka til 303 millionar kroner i gjeld som er utan dekning i fondet, opplyste rådmannen.  

Han avslutta orienteringa med å takka dei tilsette for deira store innsats for at kommunen skal koma i balanse økonomisk.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags